Barne- og familievern

Barn - Klikk for stort bilete

Barneverntenesta i Vågsøy gjev tenester til barn og unge som oppheld seg i Vågsøy kommune.

Tiltak etter barnevernlova gjeld barn som ikkje har fylt 18 år, og skal bidra til at barn og unge med særlege omsorgsbehov får trygge oppvekstvilkår. Hjelp skal primært gjevast i heimen, og plassering skal være siste alternativ. Barneverntenesta skal medverke til at barna sine interesser blir ivaretekne også av andre offentlege organ. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Når det er grunn til å tru at barn vert mishandla eller det ligg føre andre former for omsorgssvikt, skal forholda meldast til barnevernet. Barnevernstenesta sitt tiltak kan være: råd og rettleiing, foreldrerettleiingsprogram, støttekontakt, besøksheim, barn- og foreldresenter, familie og nettverksarbeid, tilsyn, barnehage, skulefritidsordning, institusjon og fosterheim.

Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barnevernet.

Ansvaret for barnevernet ligg til eininga Velferd i Vågsøy kommune.

Familievern

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem.  Tenesta legg vekt på forebygging og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste.

Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor.

Familiekontoret i Nordfjord held til på Nordfjordeid, Lotevegen 23. Kontoret dekkjer kommunane: Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Stryn, Hornindal.

Kontaktinformasjon Barne- og familievern.
Kontaktinformasjon Barne- og familievern.
NamnTelefonE-post
Sentralbord57845000post@vagsoy.kommune.no
Barnevernet:
Lindis Husevåg (sakshandsamar)95892889lindis.husevag@vagsoy.kommune.no
Anne Grete Fjelltun (sakshandsamar)91701787anne.grete.fjelltun@vagsoy.kommune.no
Turid Vika Skram (tiltaksarbeider)411487954turid.vika.skram@vagsoy.kommune.no
Vidar Nytun (barnevernleiar)90585292vidar.nytun@vagsoy.kommune.no
Aud-Marie Alsaker (leiar velferd)47634735aud-marie.alsaker@vagsoy.kommune.no
Sonja Miranda Lillebø (sakshandsamar)93208903sonja.lillebo@vagsoy.kommune.no
Elisabeth S. Laugerud (sakshandsamar)97493276elisabeth.laugerud@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering