Kommunale barnehagar:
Holvik barnehage og Skavøypoll barnehage
Private barnehagar:
Fjordly barnehage, Skarevik barnehage og Trollskogen barnehage.
Rett til barnehageplass
Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til plass i barnehage frå august. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år. Barnet har rett til plass i den kommunen der det er busett, jf. barnehagelova § 12a.
Søknad
Det er utarbeidd eit felles elektronisk søknadsskjema for opptak i alle barnehagane i Vågsøy (både private og kommunale). Søknadsfristen er 15. mars. Utanom hovedopptak kan de søkje om plass fortløpande.
Alle søkjarane får skriftleg stadfesting på motteken søknad eller tilbod/avslag på søknad.
Ved ledig plass er det fortløpande opptak. Dei som ikkje har fått første alternativ, vil stå på venteliste til ønsket er oppfylt.
Treng de hjelp til å fylle ut det elektroniske skjemaet, kan de ta kontakt med ein av barnehagane eller servicetorget i rådhuset. De må ha e-postadresse og fødselsnummer til barn og foreldre klart før de tar kontakt.
Endring av barnehageplass
Dersom de ønskjer å endre storleik på plass, må de òg nytte det elektroniske skjemaet. Frist for å søkje om endring av plass er 15. mars.
Oppseiing av barnehageplass
Frist for oppseiing finn de i vedtektene til dei ulike barnehagane.