Brukarstyrt personleg assistent.

Brukerstyrt personleg assistanse (BPA) er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp til dei som har eit særskilt hjelpebehov grunna alder eller funksjonshemming, og som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen.

Brukaren må sjølv vere i stand til å ivareta rolla som arbeidsleiar.

Brukar må søkje om å få BPA, og før tildeling vert gjort, skal det vurderast om dette er den mest hensiktsmessige måten å gje hjelp på for søkjaren.

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Betaling:
Det vert ikkje krevd betaling for personleg hjelp organisert som BPA.

Det vert krevd betaling for praktisk hjelp organisert som BPA. Betalingssatsen vert rekna ut frå husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag fastsett av siste tilgjengelige likning per 01.01. kvart år.

Klage:
Vedtak om praktisk hjelp og personleg hjelp organisert som BPA kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke fr. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av sida, eller via lenken underst.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering