Dagsenter for funksjonshemma.

Aktivitetar på dagtid til brukarar som har store og samansette funksjonshemningar og som ikkje har nytte av eller fell inn under arbeidsmarknadstiltak.

Dagsenter for funksjonshemma er lokalisert på Vågsøy omsorgssenter i Måløy.

Kven kan få tenesta:

Atkivitetstilbod i dagsenteret er eit tilbod til funksjonshemma som bur heime og som kan ha behov for:
        • Ut av en isolert tilvære i heimen
        • Aktivisering og rehabilitering
        • Avhjelpe situasjonen i heimen for pårørande

Tilbodet skal førebyggje einsemd, isolasjon, feil og underernæring og bidreg til at brukar kan bu i eigen heim. Tildeling av aktivitetstilbod i dagsenter skal førebyggje økt hjelpebehov og vere ein del av eit heilheitleg omsorgstilbod

Innhald i tenesta

  • Aktivitetstilbod i dagsenter er eit tilbod på kvardagane mellom kl. 08.00 og 15.30, og vert ikkje gitt i helgar eller på høgtidsdagar
  • Transport til dagsenter. (Betale eigenandel)
  • Du kan få kjøpt middag på dagsenteret
  • Deltaking i ulike aktivitetar


Kva kan de forvente av oss: 

  • Sakshandsamar tek kontakt med deg, etter motteken søknad, for innhenting av informasjon, evt. heimebesøk
  • Sakshandsamar er pålagd å nytte IPLOS som obligatorisk verktøy. Dette er dokumentasjon og statistikk innanfor pleie- og omsorgstenester
  • Søknaden vil deretter bli handsama i tildelingsnemnda for helse og omsorg, og du vil få tilsendt eit enkeltvedtak
  • Tenesta vert gjeve deg på ein fagleg forsvarleg måte og slik det er formulert i vedtaket
  • Aktivitetane ved dagsenteret vil variere, og vi vil, i samarbeid med våre brukara, tilstrebe tilrettelagte aktivitetar
  • Vi har teieplikt og gjev ikkje opplysningar vidare utan ditt samtykke
  • Informasjon, råd, hjelp og rettleiing etter behov
  • Ved behov for endringar i tenesta vert enkeltvedtaket revurdert i samråd med deg/din representant, med respekt for dine ynskjer og etter fagleg vurdering


Kva kan vi forvente av dykk:
 

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette
  • Du eller din representant må gje melding til heimetenesta/dagsenter dersom du reiser bort, eller ikkje kan komme til dagsenteret til avtalt tid
  • Gje melding dersom behovet endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenesta
  • Ved behov for endringar for tenesta vert enkeltvedtaket vurdert på nytt i samråd med deg og din representant


Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Betaling:
Betaling for aktivitetstilbod i dagsenter for funksjonshemma og middag på dagsenter er fastsett etter til ei kvar tid gjeldande betalingssatsar vedteke i Kommunestyret.
Skriv om betalingssatsane finn du i høgre margen på denne sida.

Klageadgang:
Vedtak om aktivitetstilbod i dagsenter kan klagast på. Rett klageinstans er Formannskapet i Vågsøy kommune. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke jf. Forvaltningslova §29.
Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til. Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i høgre margen på denne sida.

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering