Ergoterapiteneste

Ergoterapeutar arbeider med folk som har problem med å meistre gjeremål i kvardagen. Formålet med ergoterapi å fremje menneske si moglegheit til å fungere i sine omgjevnadar og meistre daglege gjeremål. Ergoterapi handlar om å hjelpe pasienten til å ta i bruk eigne ressursar. På denne måten kan ein gjenvinne, oppretthalde og betre sitt funksjonsnivå og klare seg i eigen heim lengst mogleg.

Fotograf: O. Grjotheim
fotograf O. Grjotheim

Kven kan få tenesta:
Ergoterapeuten i Vågsøy kommune tilbyr tenester til menneske i alle aldrar og med ulike typar lidingar og diagnosar. Dette er menneske som av ulike grunnar har, eller står i fare for å få, problem med å utføre sine daglege gjeremål, eller som risikerer helseproblem som påverkar dei daglige gjeremåla.

Innhald i tenesta:
Ergoterapeuten kartlegg brukaren sine ressursar og avgrensingar, samt miljøet ein er i. Mykje av arbeidet føregjeng i omgjevnadane brukaren skal fungera i til dagleg; heim, barnehage, skule, og fritid. For å gje brukarane eit heilskapeleg tilbod, er vi opptekne av å få til eit godt tverrfagleg samarbeid.
Ergoterapeuten har eit tett samarbeid med kommunefysioterapeutane. Andre samarbeidspartnarar er blant anna pårørande, heimetenesta, ulike institusjonar, skular, NAV, hjelpemiddelsentralen, hjelpemiddelfirma og regionale spesialisttenester.

Vi jobbar med funksjonstrening, både på institusjon og hjå heimebuande. Eksemplar på dette kan vere påkledning, handle, lage mat og andre daglige aktivitetar. Ein prøver å førebygge isolasjon, ulykker og aktivitetstap. Arbeidet omfattar også informasjon om leddvern, hjelp til å organisere kvardagen, vegleiing til brukarar og pårørande, og rehabilitering av brukarar på institusjon.

Dersom ein ikkje kan trene opp att funksjonar må ein kompensere for funksjonstapet. Dette kan vi gjere med blant anna hjelpemiddel eller tilrettelegging i bustaden.
Ergoterapeuten hjelper deg med søknad, utprøving, tilpassing og opplæring av tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel kan vere rullestolar, kjøkkenreiskap, eller hjelpemiddel til toalett og bad.

Saman kjem brukar og ergoterapeuten fram til tiltak som kan gje brukaren moglegheit til å fungera best mogleg ut frå eigne føresetnader, og til å vera mest mogleg sjølvstendig i kvardagen.

Treng du hjelp til tilrettelegging av privat bustad kan du kontakte ergoterapeuten. Her i kommunen sit ergoterapeuten som koordinator i Bustad-teamet.

Heimebesøk avtalast ved behov.

Kva kan du forvente av oss:

  • Du vert møtt på ein respektfull og imøtekomande måte.
  • Informasjon, råd og rettleiing.
  • Vi skal utforme og gjennomføre tiltak i samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande.
  • Vi yter tenesta med respekt for din livssituasjon.
  • Vi skal samarbeide med andre faggrupper / tenesteytarar om eit samla tilbod, gjennom individuelle planer viss du ynskjer. Sjå eigen tenestebeskriving med brukargaranti for individuelle planar.
  • Vi skal lytte til deg og kva du uttrykker som dine behov.
  • Vi opprettheld teieplikta.
  • Du skal møte ein ergoterapeut som er fagleg kvalifisert.


Kva forventar vi av deg:

  • Du fortel kva du ynskjer og kva som er viktig for deg.
  • Du seier i frå kva du ikkje er nøgd med.
  • Du tek del og samarbeidar ut frå kva du kan og er aktivt med på å finne løysingar.
  • Du møter til avtale eller seier i frå dersom tida ikkje passar.


Praktiske opplysingar:

Betaling:
Det vert ikkje kravd betaling for ergoterapitenesta

Sakshandsamingstid:
Alle søknader vert behandla fortløpande og seinast innan 4 veker etter førespurnad.

Klageadgang:
Ergoterapi er ikkje ei lovpålagt teneste etter Lov om helsetenesten i kommunene eller Lov om sosiale tjenester. Tenesta utfyller fysioterapi og andre tenester som ytes med rehabiliteringsformål.

 
Kontaktinformasjon ergoterapi.
Kontaktinformasjon ergoterapi.
NamnNårTelefonEpostadresse
Sentralbord57845000post@vagsoy.kommune.no
Berit Aksetir/tor57845608/91910185berit.akse@vagsoy.kommune.no
Hilde Barmenman/tir/tor/fre57845608/41426496hilde.barmen@vagsoy.kommune.no