Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Logo Vågsøy brannvesen.jpg - Klikk for stort bilete Kommunen skal sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg som blir brukt til oppvarming av byggverk, blir feia ved behov. Feiinga skal gjerast på ein fagleg tilfredsstillande måte som skapar minst mogleg ulempe for eigarar og brukarar. Etter feiinga skal feiaren sørge for at all sot blir fjerna og tatt med til ein eigna stad. Kommunen skal sørge for at det ved behov blir ført tilsyn med fyringsanlegg som blir brukt til oppvarming av byggverk. Kommunen skal sørge for at det blir ført tilsyn med fyringsanlegget etter brann eller eksplosjon i eller i tilknytning til fyringsanlegget.

Målgruppe:
Målgruppa er i hovudsak bustadar og fritidsbustadar, sjølv om også eksempelvis verkstadar, drivhus, lager, industri m.m. også kan varmast opp på denne måten.

Tenesta sitt innhald:
Feiing/tilsyn av fyringsanlegg.

Kva kan du forvente av oss:
Informasjon, råd og rettleiing. Du kan forvente at byggverket sine fyringsanlegg blir feia etter behov, varierande frå 1 til 10 års intervall. Ved behov inneber at feiinga skal vere vurdert for kvart einskild fyringsanlegg. Både hyppigheit og gjennomføring av tilsyn er basert på risiko. Byggverket og bygningsmiljøet sin karakter, kvaliteten på fyringsanlegget og fyringsmønster kan vere eksempel på vurderingskriterier for risiko.

Kva vi forventar av deg:
Du følger opp tilrettelegging for feiing slik det går fram av varsellappen, eller kontaktar oss slik at vi kan finne eit nytt tidspunkt. Det er eigar av bygninga sitt ansvar å sørge for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome opp på taket, skal eigaren sørge for at stige er tilgjengeleg. 
Du tek kontakt med Vågsøy brannvesen om du har spørsmål eller klager vedrørande feiing av piper på eigedomen din. Du tek kontakt med oss om du ikkje mottek tjenesta i løpet av ein 4 års periode.

Pris for tenesta:
Kommunestyret fastset kvart år gebyret for tenesta. Gebyret innkrevast to gonger per år.
Gebyret dekkar både feiing/tilsyn og informasjons- og motivasjonsarbeid. Gebyret er ikkje knytt til tidspunktet for når den enkelte feiing eller tilsyn er gjennomført, men gjeld for heile tilsyns- og feieperioden uansett når i feieperioden tenesta finn stad.
Gebyr- og betalingssatsar (PDF, 463 kB)

Ansvarleg for tenesta:
Brannsjefen.

Brosjyrer, dokument, kart og liknande:


Byggforskserien frå Sintef:


Skjema:


Regelverk:
Kommunen pliktar å sørge for denne tjenesta. Sjå òg forskrift om brannforebygging.


Lover:


Forskrifter:


Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta:
Eigarar av heilårsbustad med pipe/ildstad som er registrert i kommunen sitt eigedomsregister, vil automatisk bli kontakta. Du får varsel om feiing eller tilsyn som SMS. Dersom tidspunktet ikkje passar, kan du avtale eit nytt tidspunkt med feiaren. Om det ikkje er klargjort for feiing (anten ved at nokon er til stade, stige er lagt fram eller det på annan måte er gitt klar beskjed om at det kan feiast), vil ikkje feiinga bli utført. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, vil du få andre gongs varsel om tilsyn med påfølgande gebyr. Ta derfor kontakt med feiaren snarast mogleg.


Saksbehandling:
Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har betydning for brannsikkerheten eller adkomsten. Ved avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg feie/tilsynsrapport med frist for å gje tilbakemelding om kva som er planlagt å gjere og kva tid retting blir gjort. Tilsynsmyndigheita kan gje naudsynte pålegg om dette ikkje skjer.

Klagemoglegheit:
Er du ikkje fornøgd med dei tenestene feiarvesenet utfører, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er treft av brannsjefen, er kommunen si eiga klagenemnd.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 21.03.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering