Følgjekort (ledsagerbevis) for funksjonshemma.

Følgjekortet skal gje den funksjonshemma sitt følgje gratis tilgjenge.
Korteigar betalar gjeldande billettpris, (til dømes honnørbillett).

Kven kan få tenesta:
Funksjonshemma som har trong for følgje på reiser og ved deltakelse i
kultur- og fritidsaktivitetar. Nedre aldersgrense er normalt 8 år.

Innhald i tenesta:
Alle som mottek tilskot frå kommunen eller frå fylkeskommunen til kulturarrangement eller aktivitetar, pliktar å godkjenne denne ordninga.
Det betyr at du kan bruke følgjekortet på t.d. idrettsarrangement, korpskonsertar, teater, der kommunen eller fylkeskommunen har gitt tilskot.

Ved bruk av offentlig transportmiddel, dvs. buss/båt innanfor fylkesgrensa, samt snøggbåten til Bergen, reiser følgje til den funksjonshemma gratis.

Det er viktig å merke seg at følgjekortet ikkje gjeld på fergene i fylket samt at ikkje alle kommunane har inført denne ordninga.

Kva kan du forvente av oss:

  • Informasjon, råd og rettleiing.
  • Følgekort vert utstedt av oss og sendt til deg i posten.


Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Du set dykk inn i vedtaket.
  • Du leverer bilde til oss som skal nyttast til følgekortet.


Praktiske opplysingar:

Følgjekort:
Følgjekort er eit personlig identitetskort med bilde, som fortel at eigaren av kortet har trong for følgje.

Betaling:
Følgekort er gratis.

Sakshandsaming:
Du fyller ut søknadsskjema som heiter Søknad om tenester og kommunale bustadar, der følgjekort er ei av tenestene du kan krysse av for. Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Klage:
Vedtak kan klagast på. Rett klageinstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke jf. Forvaltningslova §29.
Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til. Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du nederst på sida.

Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon
NamnTelefon 
Sentralbord57 84 50 00
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237
Anne Tennebø Færestrand57845535/48020176
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733
Heidi Alice Vederhus57845221/41922889
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering