Foreldrerettleiing i Vågsøy kommune

Det å vere foreldre kan vere ei krevjande oppgåve, og til tider kan den vere så krevjande at ein kan kjenne seg både rådvill og makteslaus.  Mange foreldre opplev at det er vanskeleg å få barna til å samarbeide og følgje beskjedar. Kvardagen kan bli strevsam med mykje mas, krangling og kjefting. 

Døme på konfliktar som kan prege kvardagen:

  • 4-åringen klarte å sabotere handleturen…. Igjen!
  • Barnet forhandlar i det uendelege, lenge etter at tolmodet mitt er slutt.
  • Barnet vil ikkje leggje seg på kvelden, det blir krangel og lite søvn.
  • Åh… nok en ettermiddag med søskenkrangling!
  • Barnet mitt nektar å gjere lekser, vi brukar mange timar kvar dag med krangel.

Å få hjelp til å bryte ei slik utvikling kan vere godt for både barn og foreldre.

Vågsøy kommune tilbyr gratis foreldrerettleiing:
 

COS-P – gruppekurs til foreldre på helsestasjonen

Til alle foreldre som ynskjer å vite meir om dei grunnleggande behova alle barn har, og korleis dekke desse behova, tilbyr vi kurset Circle of security-parenting (COS-P-kurs). Kurset er særleg anbefalt til småbarnsforeldre, men er også relevant for å forstå eldre barn. Kurset vert arrangert på helsestasjonen i gruppesamling på ca 6-10 personar, og går over 8 veker. Du treng ikkje oppleve vanskar med barnet ditt for å ha glede og nytte av å gå eit COS-kurs. Meir informasjon i brosjyre som du finn her (DOCX, 519 kB).
 

TIBIR rådgjeving – kortvarig rettleiing til foreldre med barn i alderen 3-12 år

Dette er eit tilbod til foreldre som strevar med små eller større kvardagssituasjonar med barnet. Her lærer de å ta i bruk verktøy som gjer foreldrerolla lettare, og aukar den positive samhandlinga mellom barn og foreldre. Rådgjevinga varer frå 3-6 møter, alt etter behov og ynskje frå foreldra. Meir informasjon i brosjyre som du finn her (DOCX, 262 kB).
 

PMTO – rettleiing/terapi til foreldre med barn i alderen 3-12 år

Til foreldre som over tid har vore i ein situasjon prega av ulike typar konfliktar med barnet sitt, tilbyr vi  Parent Management Training- Oregon (PMTO). Målet er at barn og foreldre skal kome ut av ein fastlåst konfliktsituasjon, og kome i meir positivt samspel. Tanken er at foreldra lærer seg verktøy som dei prøvar ut, og nyttar heime med barnet sitt, for å få til ei positiv endring. Endringsarbeidet går over tid, frå 15 – 30 møter. PMTO er utvikla med utgangspunkt i forsking, og har dokumenterte effektar.  

Meir informasjon i brosjyre som du finn her (DOCX, 210 kB).

Her finn du skjema for å melde interesse: Skjema – ynskje om foreldrekurs (DOCX, 50 kB)

Det er og mogeleg å ta direkte kontakt med barnehage/skule/helsestasjon, eller til tiltaksteamet, som vil hjelpe deg vidare.
 

Kontaktinformasjon tiltaksteam:

Kontaktinformasjon tiltaksteam for barn og unge
NamnStillingTelefon
Turid Vika SkramTIBIR koordinator/leiar for tiltaksteam414 87 954
Barbro Sævik SildenPMTO terapeut/helsesøster901 23 928
Cathrin TrollebøKognitiv terapeut959 90 242

                                                                                                                      

Til foreldre med barn over 12 år

Det å vere foreldre til ungdom kan også opplevast utfordrande, og på helsestasjonen tilbyr dei generell rettleiing til alle foreldre. Du er velkommen til å ta kontakt. Sjå gjerne på helsestasjonen sine sider for meir informasjon.

Tenesta psykisk helse og rus er eit lavterskeltilbod, der foreldre kan ta direkte kontakt for både rettleiing og hjelp. Tenesta har tilbod om samtalar til elevar ved Vågsøy ungdomsskule ein dag i veka. Sjå meir informasjon på heimesida under helse-psykisk helse.

Du kan også ta kontakt med barneverntenesta, for å få hjelp. Sjå meir informasjon under barnevern/familievern.

 

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering