Generell info om Vågsøy kulturskule

Her finn du informasjon om det å vere elev ved Vågsøy kulturskule.

Vi har mange flotte fagdisiplinar. Alle kan søkje uansett nivå. Born og unge opp til 19 år får prioritet.
Her er lenkje til skjema for inn- og utmelding.

Visuell kunst - Klikk for stort bilete

Vågsøy kulturskule tilbyr undervisning i:

  • Visuell kunst – teikning, maling, trykk, keramikk, skulptur m.m.
  • Messinginstrument – trompet, cornet, alt, baryton
  • Fiolin
  • Cello
  • Piano
  • Song
  • Gitar /Bass
  • Slagverk
  • Aspirant Messinginstrument
  • Aspirant Slagverk


Har du andre ynskjer enn dei faga vi tilbyr pr. i dag? Ta kontakt med rektor så vi kan sjå kva som er mogeleg å få til.

Prøvetimar
Dersom ein har lyst å finne ut om ein likar undervisninga ved kulturskulen, søkjer ein på vanleg måte og sender så e-post til rektor der ein ber om to gratis prøvetimar. Elevar som ynskjer å få

Instrument
Alle elevar må ha eigne instrument. Kulturskulen har nokre få instrument som ein kan låne i prøveperioden eller medan ein ventar på eige instrument. I aspirantopplæringa får ein instrument frå korpsa.

Korleis søkje om eller seie opp elevplass?
Kulturskulen fylgjer grunnskulane si skulerute. Søknadssenteret er ope heile året, men hovudopptaket skjer i samband med skulestart. Det er føresette som søkjer for born under 18 år.

Både søknad om plass og oppseiing av elevplass må gjerast skriftleg via kulturskulen sitt søknadsskjema i kommunen sitt Søknadssenter. (Sjå knapp til høgre på sida)
Utmelding for neste skuleår kan òg gjerast i plasskonstateringsskjema som alle elevar får utlevert på slutten av skuleåret. Frist for utmelding for vårsemesteret er 15. november.

Kven kan søkje?
Det er ingen øvre aldersgrense for å kunne gå i kulturskulen, men born og unge opp til 19 år har fortrinnsrett.

Venteliste
Dersom eit fagtilbod ikkje har kapasitet til å ta deg inn, vert du sett på venteliste og kontakta når det er ledig plass. Ein treng ikkje å søkje kvart år om ein har søkt ein gong. Står du på venteliste, rykker du oppover på lista.

Semesteravgifta for elevplass ved kulturskulen finn i kommunen sine Gebyr- og betalingssatsar

Betalingssatsane er lik for alle fagdisiplinar.
Betalingssatsane gjeld ikkje aspirantopplæringa. Her melder ein seg inn i skulekorpsa og får undervisinga dekka gjennom korpsmedlemskapet.

Ein får 30% i fleirefagsmoderasjon og syskenmoderasjon frå og med sysken nummer 2. (Aspirantopplæring tel ikkje med.)

Dersom skulen må avlyse meir enn 4 undervisningsøkter i eitt semester, får foreldre etter søknad reduksjon i semesteravgifta. Søknad sendast rektor. Reduksjonen trekkjast frå på neste semesteravgift eller tilbakebetalast dersom eleven sluttar. 

Kontaktinformasjon kulturskule:
Kontaktinformasjon kulturskule:
Lærar i:NamnE-post
Sentralbord i kommunen57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Tenesteleiar kulturOdd Gunnar Myhre, 90 19 57 01odd.myhre@vagsoy.kommune.no
RektorHildegunn Vederhus, 97 71 33 15hildegunn.vederhus@vagsoy.kommune.no
Piano / Strykeinstr.Ivan Smilovski, 47 61 24 32ivan.smilovski@vagsoy.kommune.no
SlagverkWiebe Dahlen, 94 97 16 17
MessingblåsLisbeth Helen Våge, 90 08 66 13lisbeth.vage@vagsoy.kommune.no
Visuell kunstMagnus Bruvoll, 41 63 66 04Magnus.bruvoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering