Hjelpemiddelformidling i Vågsøy kommune

Hjelpemiddelformidlinga hjelper til med følgjande:

  • At du som har funksjonsvanskar skal få faglig hjelp til å skaffe deg det rette hjelpemiddelet.
  • At du får mest mogeleg praktisk nytte av hjelpemiddelet og oppnår best mogeleg funksjon til å meistre dagleglivet.
  • Å lette hjelpa i heimen for pårørande og tilsette i heimetenesta.

Kven kan få tenesta:
Du som har funksjonsvanskar i daglege aktivitetar.

Innhald i tenesta:
Ved behov for hjelpemiddel vil ein fagperson frå kommunen i samråd med deg bestemme kva hjelpemiddel som er mest teneleg. Vi hjelper deg å søke, prøve ut og ta i bruk hjelpemidla.

Korttidutslån:
Hjelpemiddelet vert lånt ut frå kommunen sitt lager på Kulatoppen Omsorgssenter viss ditt behov for hjelpemiddel er mindre enn to år.

Merk! Krykker må kjøpast på legekontoret eller apoteket.

Langtidsutlån:
Viss behovet for hjelpemiddel har varighet over 2 år, vil utlånet vere frå Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fordane som ligg i Førde. Vi kan hjelpe deg med søknad til Hjelpemiddelsentralen, som gjer vedtak om utlån.

Datautstyr i skulen vert formidla gjennom Pedagogisk- psykologisk teneste, (PPT).

Utlevering av hjelpemiddel:
Hjelpemiddelet kan hentast på Kulatoppen Omsorgssenter etter avtale med fysioterapeut eller ergoterapeut. Viss det er vanskeleg for deg å hente sjølv kan vi levere hjelpemidla heim til deg. Ved behov for montering kan vi hjelpe deg med dette, og du får opplæring i bruken av hjelpemidla.

Oppfølging av hjelpemiddel:
Dersom du etter ei tid har behov for meir opplæring eller har spørsmål vedrørande hjelpemiddelet, tek du kontakt med den fagpersonen som hjelpte deg med søknaden.

Vedlikehald og reperasjonar av hjelpemiddel:
Du har sjølv ansvar for dagleg vedlikehald. Ved behov for reperasjonar tek du kontakt med overnemnde fagpersonar. Reparasjonar som krev spesialkompetanse vert utført av Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane på bestilling frå kommunal fagperson.

Dersom det skulle oppstå akutt behov for reperasjonar utanom kommunen si opningstid, tek du kontakt med Hjelpemiddelsentralen i Førde på tlf: 99158008.

Dei har følgjande kontortid:
Måndag til fredag frå kl 15.00 - 24.00.
Laurdag og sundag kl 08.00 - 24.00.

Merk! Med akutt behov meinar vi tilfeller der det fører til urimelig store konsekvensar for deg å vente til neste virkedag med å få hjelpemiddelet reparert.

Innlevering av hjelpemidler:
Når behovet for hjelpemidla opphøyrar skal dei leverast inn att til kommunen. Ta kontakt med fysioterapeut eller ergoterapeut for å avtale innlevering.


Kva kan du forvente av oss:

  • Informasjon, råd og rettleiing.
  • Vi opprettheld teieplikta.
  • Du får hjelp til korleis du med hjelpemiddel og/eller tilrettelegging kan oppnå best mogleg funksjon, sjølvstende og meistring av daglege aktivitetar.
  • Vi monterer og gjev deg opplæring i korleis hjelpemiddelet skal brukast.
  • Vi følgjer opp dersom du melder frå om endring av behov eller dersom hjelpemiddelet ikkje fungerar.
  • Vi bringar og hentar hjelpemiddelet dersom du/pårørande ikkje kan gjere det sjølv.


Kva forventar vi av deg:

  • At du tek kontakt med kommunen og gjev oss informasjon om dine behov.
  • At du gjev oss fullmakt til å utveksle naudsynt informasjon med lege, spesialisthelsetenesta eller andre fagpersonar.
  • At du behandlar hjelpemiddelet forskriftsmessig og følgjer opp det ansvar som er pålagt deg for vedlikehald.
  • At du gjev melding om behov for opplæring og teknisk hjelp.
  • At du gjev melding om endring i behov.
  • Dersom behov for hjelpemiddelet opphøyrar, skal det leverast attende.


Praktiske opplysingar:
Betaling: Det vert ikkje kravd betaling for utlån av hjelpemidler.
Merk! Krykker må kjøpast på legekontoret eller apoteket.

Sakshandsamingstid:
Fortløpande, og seinast innan 4 veker etter at vi har motteke førespurnad vil du bli kontakta av oss. I tillegg kjem sakshandsamingstid og bestilling av hjelpemiddel.

Klageadgang:
Vedtak gjort av Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane kan klagast inn til Hjelpemiddelsentralen innan 3 veker.

Kontaktinformasjon hjelpemiddelformidling.
Kontaktinformasjon hjelpemiddelformidling.
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Astrid Sørgård57 84 56 96astrid.sorgard@vagsoy.kommune.no
Hilde Barmen57 84 56 97hilde.barmen@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering