Individuell plan og ansvarsgruppe / Koordinerande eining

Lov om pasient og brukarrettigheitar § 2-5:
Pasient og bruker som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstjenester har rett til å få utarbeidet individuell plan i samsvar med bestemmelsene i helse- og omsorgstjenesteloven, spesialisthelsetjenesteloven og lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern.

Ut frå helse- og omsorgstenestelova kap 7 skal kommunen utarbeide individuell plan for dei som har behov for dette.

Koordinerande eining har overordna ansvar for individuell plan.

Leiar: Aud Marie Alsaker    Tenesteleiar Velferd
Berit Myhre Skavøypoll       Sakshandsamar PRO
Tone Husevåg                    Tenesteleiar omr. fastlandet
Merete Verpeide                 Koordinator for funksjonshemma / leiar avlastningsbustad
Birte Sandal Rikstad           Ergoterapeut / Folkehelsekoordinator

Formål med tenesta:
Ei individuell plan skal konkretisere ditt behov for langvarige og koordinerte tenester, og den skal innehalde plan for korleis behova skal dekkjast.

Kven får tenesta:
Du som har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsrogstenestelova, frå meir enn 2 instansar.

Ansvarsgruppe:
I samband med individuell plan vert det oppretta ei ansvarsgruppe. Det vert vald ein koordinator som skal sjå til atplanen vert fylgt. Du får kome med ynskje om kven som skal vere koordinator for gruppa.

Kva kan du forvente av oss:

  • Sakshandsamar tek kontakt med deg, etter motteken søknad, for innhenting av informasjon, evt. heimebesøk.
  • Sakshandsamar er pålagd å nytte IPLOS som obligatorisk verktøy. Dette er dokumentasjon og statistikk innanfor pleie- og omsorgstenester.
  • Søknaden vil deretter bli handsama i tildelingsnemnda for helse og omsorg, og du vil få tilsendt eit enkeltvedtak.
  • Vi har teieplikt og gjev ikkje opplysningar vidare utan ditt samtykke.
  • Informasjon, råd, hjelp og rettleiing etter behov.
  • Du får vurdert om du har rett til individuell plan.
  • Din koordinator vil samarbeide tett med deg om det som de er blitt einige om.

 

Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Samtykke frå deg for å utveksle nødvendig informasjon for å utarbeide ei individuell plan.
  • Du fortel oss kva du ynskjer og kva du treng.
  • Du deltek aktivt i planprosessen.
  • Du set deg inn i og følgjer opp vedtak og planar.
  • Du seier frå kva du ikkje er nøgd med

 

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Klage:
Vedtak om individuell plan kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke jf. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i høgre margen på denne sida.

Kontaktinformasjon Individuell plan og ansvarsgruppe:
Kontaktinformasjon Individuell plan og ansvarsgruppe:
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Aud Marie Alsaker57 84 52 21aud-marie.alsaker@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57 84 55 36berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
Merete Verpeide57 84 51 61merete.verpeide@vagsoy.kommune.no
Tone Husevåg994 73 740tone.husevag@vagsoy.kommune.no
Birte Sandal Rikstad975 84 747birte.sandal@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering