Informasjon om tilbodet til demente i Vågsøy kommune

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Demenskoordinator

Vågsøy kommune har ein demenskoordinator i 20 % stilling. Demenskoordinator er leiar i hukommelsesteamet i kommunen og har ein rådgjevande funksjon på dagsenteret for personar med demens. Demenskoordinator er også ein kontaktperson for pårørande, tilsette og andre når det gjeld tilbodet til personar med demens sjukdom.

 

Kontaktopplysningar:

Demenskoordinator Linda B. Lågeide
Postadresse: Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy
E-post: linda.lageide@vagsoy.kommune.no
Mob: 468 00 602

Hukommelsesteam:
Hukommelsesteamet i Vågsøy kommune består av demenskoordinator, ein ergoterapeut, to sjukepleiarar og ein hjelpepleiar. Hovudoppgåvene til hukommelseteamet er

  • kartlegging og oppfølgjing (med kartlegging seinare i sjukdomsforløpet) av personar med demens sjukdom
  • Gjennomføring av pårørandeskule
  • Opplæring/undervisning om demens sjukdom og miljøbehandling

Demenskoordinator er kontaktperson for hukommelsesteamet. Alle tilsette i pleie, rehabilitering og omsorg kan også formidle kontakt.

Fastlege:
Hukommelsesteamet har eit nært samarbeid med fastlegane i kommunen. Det er fastlegen som vurderar om kartlegging (MMSE-test) er aktuelt. Rapport frå kartlegginga (heimebesøk) vert sendt til fastlegen og brukaren blir bedt om å bestille time hjå fastlegen sin om lag 14 dagar seinare. Det er fastlegen som står føre den vidare utgreiinga og som set diagnose.

Pårørandeskule:
Hukommelsesteamet gjennomfører pårørandeskule kvar vår i samarbeid med Vågsøy demensforeining. Informasjon om tilbodet vert gjort kjent i Fjordenes Tidende, på www.vagsoy.kommune.no og gjennom informasjonsskriv som heimetenesta tek med seg ut til aktuelle pårørande.

Dagsenter:
Dagsenter for personar med demens er ope måndag – fredag og lokalisert på Vågsøy omsorgssenter. Formålet med dagsentertilbodet er å gje brukarane eit meiningsfylt aktivitetstilbod, vedlikehald av ferdigheiter og å avhjelpe situasjonen i heimen.

Ein kan søkje om å få dagsentertilbod ved å sende inn søknadskjema (link).

Institusjonsplass eller bustad på Kulatoppen omsorgssenter (KOS)
På KOS er det 24 omsorgsbustadar og 43 institusjonsplassar. Av desse er 8 bustadar og 26 institusjonsplassar spesielt tilrettelagde for personar med demens sjukdom.

Bustad/plass vert tildelt etter funksjonsnivå hjå brukaren

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 08.05.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering