Jegerprøve

Dersom du vil jakte eller drive fangst, må du fyrst ta jegerprøva. Prøva består av eit obligatorisk kurs og elektronisk eksamen. Det er fem studieforbund som har inngått avtale med Miljødirektoratet om å vere kursarrangør på det obligatoriske jegerprøvekurset, sjå www.miljødirektoratet.no/jegerproven for å finne ein kursarrangør. Etter gjennomført kurs skal kursarrangøren sende ut kursbevis, som er gyldig som dokumentasjon på at du har gjennomført det obligatoriske kurset. Etter gjennomført kurs kan du gå opp til elektronisk eksamen som kommunen arrangerer. Alle jegerprøveeksamenar gjennomførast elektronisk. 

Jegerprøva cropped.jpg - Klikk for stort bilete Målgruppe
Personar som i kalenderåret er 14 år eller eldre og som ønskjer å drive jakt eller fangst.

Kriteria/vilkår
Jegerprøva kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan starte frå fylte 14 år til fylte 16 år (ein trenger ikkje å ha tatt jegerprøva). Opplæringsjakt på storvilt kan starte frå fylte 16 år til fylte 18 år (då krevjast det at jegerprøva er bestått og at skyteprøva er avlagt for dei artane det krevst for).

Pris for tenesta
Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr. Gebyret skal betalast via Miljødirektoratet si elektroniske betalingsløysing.

Alle kandidatar må registrere seg sjølv på www.jegerprøveeksamen.no, og deretter logge seg inn. Jegerprøvegebyret betalar du via "Min side" på www.jegerprøveeksamen.no/logg-inn.

Meir informasjon finn du her.

Rettleiing
Kommunen arrangerer elektronisk eksamen. Dette blir annonsert i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt på eksamensdatoar.

Sakshandsaming
Kommunen sender eksamenssvaret til Jegerregisteret. Når du har fullført det obligatoriske kurset og bestått skriftleg eksamen, vil kommunen skrive ut bevis for at jegerprøva er avlagt.

Sist endra 02.05.2017