Kommunale bustader.

Vågsøy kommune har kommunale bustader til leige. Kommunen har delt inn dei kommunale bustadane i 2 kategorier:

  • Omsorgsbustad.
  • Anna kommunal bustad.

Kven kan søkje:
Personar med spesielle bustadbehov av varig eller mellomsbels karakter, som t.d:

  • Personar med nedsett funksjonsevne.
  • Personar med psykisk funksjonshemming.
  • Personar med behov for psykisk helsetilbod.
  • Økonomisk vanskeligtsilte.
  • Flyktningar med behov for mellombels bustad.
  • Personar med behov for mellombels bustad i samband med utskriving frå institusjon eller fengsel.
  • Personar med behov for mellombels bustad som eit tilbod på veg til eingen bustad.

 

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje

Betaling:
Husleige for kommunale bustader er fastsett etter til ei kvar tid gjeldande husleigesatsar vedteke i Kommunestyret.

Klage:
Vedtak om kommunal bustad kan klagast på. Rett klageinstans er Formannskapet i Vågsøy kommune. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke jf. Forvaltningslova §29.

Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til. Klaga skal sendast til:

Vågsøy kommune
Postboks 294
6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering