Kriseteam

Kriseteamet i Vågsøy har som målsetting å samordne tilgjengelege ressursar overfor menneske i krise.

Oppgåvene omfattar:

  • Praktisk / fagleg hjelp og menneskleg kontakt.
  • Vurdere mobilisering av kriseteam.
  • Oversikt over ressursar for krisehandtering i kommunen.
  • Iverksetting/samordning av tiltak.
  • Bistand til skular og institusjonar ved krisehandtering.
  • Tilrettelegging for sjølhjelp og normalisering.
  • Vurdere vidare oppfølging.


Gruppa er samansett slik:

Kommunelege 1, Politi,  Lensmann, Sokneprest, Helsesyster og Psykisk helseteam.

All informasjon som blir gruppa til del, vil verte ivareteken av medlemmane sin profesjonsbestemte teieplikt.

Det er politi, prest eller lege som varslar krise.

Kontaktinformasjon sentralbord:
Kontaktinformasjon sentralbord:
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no