Kulturmidlar

Vågsøy kommune delar kvart år ut midlar til frivillige lag og organisasjonar, grupper eller einskildpersonar.

Søknadsfrist er 15. mai.

Søknad må sendast på elektronisk skjema som ein finn i søknadssenteret.

KRITERIUM FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR - vedtatt i OK utvalet i 26.03.2012

Målet med kulturmidlar:
Målet med ordninga er å fremje eit attraktivt og allsidig kulturliv i heile kommunen. Kulturmidlane skal vere med på å stimulere til eit variert og aktivt miljø.
Oppvekst og kulturutvalet delar ut midlar til lag og organisasjonar etter gjeldande retningsliner og innanfor budsjetterte rammer.

Kven kan få midlar?
Ein legg til grunn eit utvida kulturomgrep.
Unnateke frå stønad er lag som primært tek vare på dei yrkesmessige og økonomiske interesser til medlemmane. Politiske parti inkl. ungdomsorganisasjonane og organisasjonar der ein viktig del av verksemda er å samle inn til andre føremål.

1. Vågsøy kommune kan gje tilskot til kulturtiltak i kommunen.

2. Vågsøy kommune kan i visse høve gje tilskot til kulturtiltak utanfor kommunen, dersom det kan komme kommunen og innbyggjarane til gode.

3. Kommunale kulturmidlar kan delast ut til frivillige lag og organisasjonar.

4. Søkjarane må sende søknadane elektronisk og innan fristen. Krav om at informasjon skal være utfylt i skjema for at søknaden skal bli godkjent.

5. Det er hovudlaget som skal stå som søkjar.

6. Søkjarane skal på oppfordring frå administrasjonen leggje fram medlemslister.

7. Grupper med barn og unge under 20 år vert prioritert.

8. Løyvingane kan relaterast til talet på aktive medlemmar.

9. Beløpet som vert delt ut til kvar søkjar skal vere minimum kroner 2.500,-.

10. Søkjarane som får stønad skal ikkje nytte midlane til investeringar i bygg og anlegg.

11. Ved fordeling av kulturmidlane vil Vågsøy kommune leggje til grunn lokale kulturpolitiske prioriteringar.

12. Fordelinga av kulturmidlar skal stimulere arbeidet i frivillige lag og organisasjonar og oppmuntre desse til positive tiltak.

13. Dei som mottar kulturmidlar forpliktar seg til å følgje opp ordninga med ledsagerbevis når det er innført i Vågsøy. Dette betyr at ledsager til funksjonshemma ikkje skal betale inngangsbillett på arrangement i regi av mottakarar av kulturmidlar.

14. Samarbeidsprosjekt som er nyskapande og utviklande vil bli prioritert.

Kontaktinformasjon kultur:
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Odd Gunnar Myhre57 84 50 91odd.myhre@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering