Kulturskulen i Vågsøy

Har du lyst til å lære noko heilt nytt?
Eller har du lyst å bli betre i noko du allereie kan?
Uansett nivå er du velkommen som elev i Vågsøy kulturskule. 

Visuell kunst - Klikk for stort bilete

Vågsøy kulturskule tilbyr undervisning i:

  • Visuell kunst – teikning, maling, trykk, keramikk, skulptur, utekunst m.m.
  • Messinginstrument – trompet, cornet, alt, baryton
  • Strykeinstrument – fiolin, bratsj, cello
  • Tangentinstrument – piano, keyboard
  • Song – enkeltundervisning og gruppe
  • Gitar – el.gitar, kassegitar og ukulele
  • Bass – el.bass og kontrabass
  • Trommesett


Har du andre ynskjer enn dei faga vi tilbyr pr. i dag? Ta kontakt med rektor så vi kan sjå kva som er mogeleg å få til.

Prøvetimar
Dersom ein har lyst å finne ut om ein likar undervisninga ved kulturskulen, søkjer ein på vanleg måte og sender så e-post til rektor der ein ber om tre gratis prøvetimar.

Instrument
Alle elevar må ha eigne instrument. Kulturskulen har nokre få instrument som ein kan låne i prøveperioden eller medan ein ventar på eige instrument. I aspirantopplæringa får ein instrument frå korpsa.

Korleis søkje om eller seie opp elevplass?
Kulturskulen fylgjer grunnskulane si skulerute. Søknadssenteret er ope heile året, men hovudopptaket skjer i samband med skulestart. Det er føresette som søkjer for born under 18 år.

Både søknad om plass og oppseiing av elevplass må gjerast skriftleg via kulturskulen sitt søknadsskjema i kommunen sitt Søknadssenter. (Sjå knapp til høgre på sida)
Utmelding for neste skuleår kan òg gjerast i plasskonstateringsskjema som alle elevar får utlevert på slutten av skuleåret. Frist for utmelding for vårsemesteret er 15. november.

Kven kan søkje?
Det er ingen øvre aldersgrense for å kunne gå i kulturskulen, men born og unge opp til 19 år har fortrinnsrett. Per i dag har vi dessverre ikkje eit tilbod til born under skulealder.

Venteliste
Dersom eit fagtilbod ikkje har kapasitet til å ta deg inn, vert du sett på venteliste og kontakta når det er ledig plass. Ein treng ikkje å søkje kvart år om ein har søkt ein gong. Står du på venteliste, rykker du oppover på lista.

Vil du bli aspirant i skulekorpset?
Dei som ynskjer å verte aspirant i eit skulekorps, tek kontakt med korpset for å melde seg inn der. Kostnader til aspirantundervisinga vert dekka av korpset. 
Korpsa kjøper aspirantopplæringa som ei teneste frå kulturskulen.

Betalingssatsar for 2017, moderasjon og refusjon:

Vårsemester

1440,-

Haustsemester

1030,-

Totalt

2470,-

 

 

 


Betalingssatsane er lik for alle fagdisiplinar.
Betalingssatsane gjeld ikkje aspirantopplæringa. Her melder ein seg inn i skulekorpsa og får undervisinga dekka gjennom korpsmedlemskapet.

Ein får 30% i fleirefagsmoderasjon og syskenmoderasjon frå og med sysken nummer 2. (Aspirantopplæring tel ikkje med.)

Dersom skulen må avlyse meir enn 4 undervisningsøkter i eitt semester, får foreldre etter søknad reduksjon i semesteravgifta. Søknad sendast rektor. Reduksjonen trekkjast frå på neste semesteravgift eller tilbakebetalast dersom eleven sluttar. 

Kontaktinformasjon kulturskule:
Kontaktinformasjon kulturskule:
Lærar i:NamnE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Tenesteleiar kulturOdd Gunnar Myhre, 90195701odd.myhre@vagsoy.kommune.no
RektorHildegunn Vederhus, 97713315hildegunn.vederhus@vagsoy.kommune.no
PianoIvan Smilovski, 47612432ivan.smilovski@vagsoy.kommune.no
Messingblås, gitar/bass, trommer, song og bandRaimund Hoclas, 94844885raimund.hoclas@vagsoy.kommune.no
MessingblåsLisbeth Helen Våge, 90086613lisbeth.vage@vagsoy.kommune.no
Visuell kunstGerd Anne Endestad, 97501198gerd.endestad@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering