Landbruksforvaltning

Vågsøy har inngått avtale med Norsk Landbruksrådgivning Sogn og Fjordane om kjøp av tenester innan landbruk og viltforvaltning.

Trillingar - Klikk for stort bilete

Desse tenestene omfattar landbrukssaker, fritak for bu- og driveplikt, konsesjonssaker, SMIL-midlar.

SMIL-midlar er statlege tilskot du kan få til ulike prosjekt som restaurering av gamle naust, sæterhus, ulike prosjekt innan jordbruk, kulturminner, kulturlandskap m.m.

Vågsøy kommune er ei av dei minste kommunane i fylket arealmessig, og beste jordbruksarealet ligg i Bryggjaområdet.

Talet på bruk som er i drift går stadig nedover. Tidlegare var jordbruk dreve i kombinasjon med fiske, men dette finn ein ikkje i dag.
Dei som driv jordbruk i dag har som regel arbeid utanom bruket, då bruket åleine ikkje er leveveg nok. Jordbruket er også kvoteregulert og stadige sentrale pålegg gjer at dei fleste ikkje finn lønnsemd i bruka sine trass i at tilskotsordningane er bra.

Det er i dag få som driv husdyrhald med mjølkeproduksjon. Ein del bruk driv i dag med sau, men dette går også tilbake. Enkelte brukarar har litt turisme som attåtnæring på garden i form av utleiehus og hytter.

Nyttige linkar

Kontaktinformasjon landbruk:
Kontaktinformasjon landbruk:
NamnTelefonE-post
Janne Midtbø57845071/97772582janne.midtbo@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering