Langtidsopphald i institusjon.

For å hjelpe personar som ikkje i det heile klarer å ta omsorg for seg sjølv og treng tilsyn/hjelp heile døgeret, av fysiske eller psykiske årsaker, kan helse og omsorgstenesta i Vågsøy kommune gje tilbod om langtidsopphald i institusjon på Kulatoppen omsorgssenter

Kven kan få tenesta:
Personar som har behov for medisinsk- og sjukepleiefagleg oppfylging, pleie og omsorg gjennom heile døgeret. Alle andre hjelpetiltak skal vere utprøvd eller vurdert før institusjonsopphald vert vurdert.

Innhald i tenesta:

  • Pleie, omsorg og fagleg kompetanse heile døgeret. På institusjon er det sjukepleier på vakt heile døgeret. Det er redusert bemanning i helg. Hjelp vert gjeve den einskilde etter ei fagleg vurdering av individuelle behov.
  • Regelmessig tilsyn av tilsynslækjar.
  • Kontakt med spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta ved behov.
  • Tilbod om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering. ADL-trening.
  • Tilbod om personleg tilpassa tekniske hjelpemidlar og medisinsk utstyr (t.d. rullestol).
  • Etter eige ynskje deltaking i aktivitetar og fellesarrangement på omsorgssenteret.
  • Vask av privatklede. (Må være merka)

På institusjon er det 3 avdelingar som er tilrettelagde for demente og andre som treng skjerming, samt 2 avdelingar til langtidspleie. Bebuar får einerom på den gruppa som passar best til den fysiske og mentale tilstanden bebuaren har. Nokon gonger må ein vente til det er plass på ei slik avdeling.

Kva kan du forvente av oss:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Tenesta vert individuelt vurdert og du har medråderett for korleis tenesta vert utført i det daglege.
  • Du får informasjon, råd og rettleiing ved behov.

Kva forventar vi av deg:

  • Vi får fullmakt til å innhente naudsynte medisinske opplysingar frå fastlækjar, spesialisthelsetenesta og fysioterapeut, slik at vi kan ivareta medisinske forhold best mogleg.
  • Du fortel oss kva du ynskjer og kva du ikkje er nøgd med.
  • Du/din representant sørgjer for transport til langtidsopphaldet.
  • Du må sørgje for at dine private klede er merka.
  • Du er sjølv ansvarleg for verdisaker og gjenstandar som du vel å ta med til institusjonen og tek sjølv ansvar for evt. tap.
  • Du må respektere at personalet ikkje kan ta i mot pengebeløp eller større gåver.

Lovheimel:
Lov om pasient- og brukerrettigheter endring pr. 01.jan. 2012 § 2-1a:
"rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen"

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 01.jan.2012 § 3-2 første ledd nr. 6 c: "plass i institusjon, herunder sykehjem"

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Betaling:
Betaling for langtidsopphald vert berekna ut frå dine inntekts- og utgiftsforhold. Jf. Forskrift om egenbetaling for kommunale helse- og omsorgstjenester nr. 1349 per 16. desember 2011 kap 1

Klageadgang:
Vedtak om praktisk hjelp og opplæring kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke fr. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering