Middag.

Tenesta førebyggjer feilernæring/underernæring og kompenserer for nedsett evne til å gjere innkjøp av eller lage middagsmat

Kven kan få tenesta:
Du som er heimebuande eldre/funksjonshemma og/eller brukar av helse og omsorgstenesta i kommunen.

Tenesta vert tildelt etter vurdering av behov utført av ein sakshandsamar.
Tenesta er ikkje lovpålagd, men vert vurdert saman med andre hjelpetiltak slik at den einskilde kan fungere i eigen heim.
Tenesta vert tildelt etter strenge kriterium, då kommunen ikkje har eit godt nok distribusjonsnett.

Innhald i tenesta:
Middag, hovudrett og dessert/suppe etter meny/alternativ meny, vert levert/kjørt ut alle vekedagar.


Kva kan de forvente av oss:

  • Middagen er laga på tradisjonell måte, der vi berre nyttar fyrsteklasses råvarer
  • Kjøkkenet fylgjer til ei kvar tid gjeldande lovverk og retningsliner for produksjonsmåte og ernæringssamansetting
  • Dersom det av uforutsette grunnar blir vesentlige endringar i menyen eller tidspunkt for levering, skal du informerast om dette snarast
  • Ved behov for endringar for tenesta vert enkeltvedtaket vurdert på nytt i samråd med deg og din representant


Kva kan vi forvente av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette
  • Du eller din representant må gje melding til heimetenesta dersom du reiser bort, eller ikkje ønskjer middag levert etter avtale
  • Du ringer og gjev melding dersom du ikkje mottek maten innan avtalt tid
  • Gje melding dersom behovet endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenesta


Lovheimel:
Lov om pasient- og brukerrettigheter endring pr. 01.jan. 2012 § 2-1a: "rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen" 

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 01.jan.2012 § 3-2 første ledd nr. 6 b: "personlig assistanse, herunder praktisk bistand og opplæring og støttekontakt" 


Praktiske opplysningar:


Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje

Betaling:
Betaling for middagsombringing er fastsett etter til ei kvar tid gjeldande betalingssatsar vedteke i Kommunestyret.
Skriv om betalingssatsane finn du i høgre margen på denne sida

Klage:
Vedtak om middag kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke jf. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering