Omsorgsbustad med bemanning tilgjengeleg heile døgnet.

Omsorgsbustad som har bemanning tilgjengeleg heile døgeret er eit tilbod til personar som ikkje kan bu i sin eigen private bustad. Bustaden skal være tilrettelagt slik at ditt funksjonsnivå i utføring av daglege gjeremål vert oppretthalde eller betra

Kven kan få tenesta:
Søkjar må, på grunn av helsemessige og/eller sosiale forhold, ha behov for tett oppfølgjing, hjelp og tilsyn gjennom døgnet

  • Det skal vere vurdert om søkjar kan bu i eigen heim med heimeteneste
  • Tenester som til dømes praktisk hjelp og opplæring, personleg hjelp og opplæring, tilbod om dagsenter, middagsombringing skal vere prøvd ut i eigen heim. Desse tenestene skal vere vurdert til ikkje lenger å vere tilstrekkelege til å klare seg i eigen heim
  • Noverande butilhøve og mogleg tilrettelegging av bustad er vurdert.
  • Medisinske forhold er avklart i samhandling med fastlege. Behov for behandling som bidreg til at søkjar er i stand til å vere mest mogleg sjølvhjelpt og kunne bu i eigen heim er vurdert
  • Søkjar er ikkje i stand til å ivareta seg sjølv i eigen heim, sjølv med tilpassa tenester
  • Søkjar er ikkje i stand til å betre sin eigenmeistring i eigen heim, med medisinsk behandling og/eller rehabilitering
  • Søkjar har behov for omsorgstenester heile døgeret for å kunne ta i vare sine behov i det daglege. Med det meiner ein at behovet for hjelp er tilstades i dei fleste av daglege gjeremål


Innhald i tenesta:

Bustadane er utforma som livsløpstandard. Dei er tilknytt eit bufellesskap.
Tilrettelagt tilbod i form av skjerming for uroleg demente er på Kulatoppen omsorgssenter. Dei andre omsorgbustadene er ikkje tilrettelagt for skjerming.

Kva kan du forvente av oss:

  • Informasjon, råd og rettleiing
  • Tildelingsnemnda tildelar omsorgsbustad etter vurdering av din livssituasjon. Vurderinga skjer i samråd med dykk
  • Den søkjaren som vert vurdert å ha størst behov for tilrettelagt bustad ved tildelingstidspunktet vert prioritert


Kva kan vi forvente av dykk:

  • De sjølv søkjer om tildeling av omsorgsbustad
  • De set dykk inn i husleigekontrakta
  • De kjenner til at ved ledig omsorgsbustad, kan bli tildelt bustad i anna bueining enn ditt "fyrstevalg"
  • De fortel oss kva de ynskjer og kva de ikkje er fornøgd med
  • De gjev melding dersom de ikkje ynskjer det tilbod som vert tilbyddDe fortel oss kva de ynskjer og kva de ikkje er fornøgd med


Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje

Betaling:
Husleige for kommunale bustader er fastsett etter til ei kvar tid gjeldande husleigesatsar vedteke i Kommunestyret.

Klage:
Vedtak om kommunal bustad kan klagast på. Rett klageinstans er Formannskapet i Vågsøy kommune. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke jf. Forvaltningslova §29.
Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til. Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon korttidsopphald i institusjon:
NamnTelefonE-post
Sentralbord57845000post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536berit.myhre.skavoypoll@vagsoy.kommune.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering