Omsorgsløn

Hovudmålet med omsorgsløn er å bidra til best mogleg omsorg til dei som treng omfattande hjelp i dagleglivet og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å haldet fram med omsorgsarbeidet.

Omsorgsløn er ikkje erstatning for lønn, men ei påskjønning for omsorgsarbeidet i heimen.

Søknader vert vurdert individuelt med vekt på trongen for bistand, og andre tenestetilbod som den omsorgstrengjande har. Søknad om hjelpestønad må vere under handsaming eller ferdig handsama.

Kven kan få tenesta:

Dei som har særskilt tyngande omsorgsansvar kan få tildelt omsorgsløn frå kommunen. Ordninga gjeld den som har omsorg for funksjonshemma med store og tyngande omsorgsbehov.
 

Kva kan du forvente av oss:

• Informasjon, råd og rettleiing

• Sakshandsamar tek kontakt med deg etter motteken søknad for innhenting av informasjon dersom
  behov

• Sakshandsamar er pålagd å nytte IPLOS som obligatorisk verktøy. Dette er dokumentasjon og
   statistikk innanfor pleie- og omsorgstenester

• Søknaden vil bli handsama i tildelingsnemnda for helse og omsorg, og du vil få tilsendt eit
   enkeltvedtak

• Tenesta vert gjeve deg på ein fagleg forsvarleg måte og slik det er formulert i vedtaket

• Vi har teieplikt og gjev ikkje opplysningar vidare utan ditt samtykke


Kva forventar vi av deg:

• Du/din representant må søke tenesta

• Du/din representant set deg inn i vedtaket

• Du/din representant gjev melding dersom omsorgsarbeidet endrar seg

Lovheimel:

Lov om pasient- og rettigheter endringer pr. 01.jan. 2012 § 2-1a:
«Rett til nødvendig hjelp fra kommunens helse- og omsorgstjenester»

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 01.jan.2012 § 3-6: «Omsorgslønn»

Praktiske opplysingar:

Kommunen inngår oppdragsavtale med den som får omsorgslønn. Ein oppdragstakar er ikkje ein arbeidstakar med dei rettar det medfører. Oppdragstakar må gje opp kontonummer  for utbetaling av omsorgslønn.

Personar som har omfattande pleie- og omsorgsoppgåver grunna sjukdom eller funksjonshemming, og som av den grunn ikkje har arbeidsgjevande inntekt, kan søkje NAV om godskriven av omsorgspoeng   Sjå www.nav.no under pensjoner.

Personar som grunna sjukdom, skade eller medfødt funksjonshemming har trong for ekstra pleie og tilsyn kan søkje NAV om hjelpestønad. Sjå www.nav.no under helse/sjukdom og oversikt over ytingar(Grunnstønad, hjelpestønad)

Sakshandsaming:

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønsker og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage:

Vedtak om omsorgslønn kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

Rett klageinstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Klagefristen er 4 veker etter at vedtaket er motteke jfr. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701  Måløy.

Søknadskjema:

Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du  i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenkja under.
Ein kan og få søknadskjema  på servicekontoret.

Kontaktinformasjon:

Namn                                  Telefon                E-post

Anne-Lin Kvalheim               57845540           anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no

Anne Tennebø Færestrand 57845535          anne.tennebo.ferestrand@vagsoy.kommune.no

Berit Myhre Skavøypoll        57845536          berit.myhre.skavoypoll@vagsoy.kommune.no

Sentralbord                          57845000          post@vagsoy.kommune.no

 

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 03.01.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering