Overformynderi / Verjemålsreforma

Verjemålsreforma

Stortinget vedtok våren 2010 ei ny verjemålslov som trådte i kraft 1. juli 2013. Frå dette tidspunktet er dei kommunale overformynderia avvikla og både ansvar, oppgåver og finansiering av den lokale verjemålsmyndigheita overført til Fylkesmannen.  Frå og med 1. juli 2013 skjer all sakshandsaming og forvalting av midlar skje hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
tlf. 57 64 30 00, www.fmsf.no.

Hovudgruppene som treng verje er mindreårige som ikkje har foreldre i landet, og menneske med nedsett funksjonsevne.

Ny verjemålslov opnar for større sjølvråderett, for framtidsfullmakter, og for meir profesjonelle verjer. Ei framtidsfullmakt vil kunne vere eit alternativ til verjemål, for personar som sjølve ønskjer å bestemme kven dei skal verte representert av i framtida dersom han/ho sjølv vert ute av stand til å treffe eigne avgjerder.

Fylkesmannen kan etter den nye lova engasjere faste verjer. Ved å satse på profesjonelle verjer, og gjere Fylkesmannen til ny lokal verjemyndigheit, skal verjemålsforvaltninga betre rettstryggleiken, sikre likskap for lova, og auke effektiviteten for handsaming av saker på verjemålsområdet.

Den nye verjemålslova har vore ein føresetnad for at Noreg skal kunne overhalde reglane i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

 

 

 

 

Søknadsskjema for hjelpeverge og andre relaterte skjemaer finner du her.