Pasientrettar

I Noreg vert pasientane sine rettar teke vare på gjennom Pasientrettslova. Føremålet med lova er å sikre at alle skal ha lik tilgong på helsehjelp av god kvalitet.
Lova tek omsyn til mellom anna rett til medverknad og informasjon, barn sine rettar, journalinnsyn og eventuelle klager

Pasient- og brukarombodet i Sogn og fjordane

Pasient- og brukarombod er ei statleg ordning som er lovfesta i Lov om pasientrettigheter kapittel 8, og skal ta vare på pasientane og brukarane sine behov, interesser og rettstryggleik. Det finst ombod i kvart fylke. Ombodet sitt arbeidsområde er offentlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester.

Pasient- og brukarombodet er ein rådgjevande instans for pasientar og pårørande. I 2010 hadde omboda nesten 15000 førespurnader på landsbasis. Omboda er sjølvstendige og uavhengige, men har ikkje formell makt. Pasient- og brukarombodet har såleis ein uavhengig posisjon. Omboda har teieplikt og ordninga er gratis. Dei som vender seg til ombodet kan krevje å vere anonyme. Både pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta kontakt.

Pasient- og brukarombodet kan gje informasjon om kva rettar ein har som pasient og/eller brukar i den offentlege helsetenesta. Omboda kan gje råd og rettleiing og hjelpe med å formulere og vidareformidle spørsmål og/eller klager. Omboda kan også bidra som konfliktløysar og hjelpe til i dialog med helsepersonell/sjukehus, sjukeheimar, allmennlegeteneste og andre som gjev helsehjelp og sosiale tenester.

Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane, Storehagen 1, 6800 Førde  

Telefon: 90246678       

Epost:  sf@pobo.no   

Heimeside:  www.pasientombodet.no                   

 

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering