Personleg hjelp - personleg hjelp/opplæring.

Personleg hjelp - personleg hjelp/opplæring er å gje teneste til personar som ikkje klarer å ivareta sine grunnleggjande helse- og pleiebehov.
Tenesta skal bidra til at tenestemottakar klarer seg lengst mogleg i heimen. Opplæring gjeld opplæring i dagleglivet sine gjeremål for at den enkelte skal verte mest mogleg sjølvhjelpt.

Kven kan få tenesta:

Personar som på grunn av sjukdom, funksjonshemming, eller andre årsaker er i ein situasjon der dei treng nødvendig helsehjelp.

Hjelpebehovet vert vurdert utfrå den enkelte sine behov.

Innhald i tenesta:

  • Hjelp til personleg hygiene (dømes: stell/dusj, av- og påkledning, toalettbesøk)
  • Hjelp til inntak av mat og drikke
  • Tillaging og utlevering av medisinar i vekedosett og hjelp til å ta medisinane til rett tid
  • Informasjon, råd, hjelp og rettleiing som bidreg til at du kan klare meir sjølv
  • Hjelp ved forflytting
  • Tilsyn
  • Sårstell

Personleg hjelp kan ytast heile døgnet

Kva kan du forvente av oss:

  • Sakshandsamar tek kontakt med deg, etter motteken søknad, for innhenting av informasjon, evt. heimebesøk
  • Sakshandsamar er pålagd å nytte IPLOS som obligatorisk verktøy. Dette er dokumentasjon og statistikk innanfor pleie- og omsorgstenester
  • Søknaden vil deretter bli handsama i tildelingsnemnda for helse og omsorg, og du vil få tilsendt eit enkeltvedtak
  • Tenesta vert gjeve deg på ein fagleg forsvarleg måte og slik det er formulert i vedtaket
  • Vi har teieplikt og gjev ikkje opplysningar vidare utan ditt samtykke
  • Informasjon, råd, hjelp og rettleiing etter behov
  • Tenesteytar kjem til avtalt tid, og gjev beskjed dersom endringar
  • Ved behov for endringar i tenesta vert enkeltvedtaket revurdert i samråd med deg/din representant, med respekt for dine ynskjer og etter fagleg vurdering
  • Sårstell og injeksjoner vert ikkje utført av heimetenesta der brukar sjølv er i stand til å komme seg til legekontoret


Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette
  • Du må betale for medisin, medisindosett, elastiske bandasje/strømper, salvar/kremar
  • Du bør ta kontakt med trygdekontoret for å avklara rettar for eventuell refusjon
  • Du eller din representant må gje melding til heimetenesta dersom du reiser bort, eller av annan årsak ikkje kan motta tenesta til avtalt tid
  • Gje melding dersom behovet endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenesta
  • Ved behov for endringar for tenesta vert enkeltvedtaket vurdert på nytt i samråd med deg og din representant
  • Du må respektere at tilsette ikkje kan ta i mot pengebeløp eller større gåver


Lovheimel:
Lov om pasient- og brukerrettigheter endring pr. 01.jan. 2012 § 2-1a:
"rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen"

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 01.jan.2012 § 3-2 første ledd nr. 6 a:
"helsetjenester i hjemmet"

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker,  skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden.  Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Betaling: 
Betaling for personleg hjelp - personleg hjelp/opplæring er gratis.

Klage:
Vedtak om praktisk hjelp og opplæring kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke fr. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701  Måløy.

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du  i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering