Plansaker

Kommuneplan Måløy - Klikk for stort bilete

Samfunnsplanlegging

Samfunnet vårt endrar seg raskt. For å kunne styre utviklinga slik kommunen ynskjer er det viktig å ha gode hjelpemiddel i planlegginga. Rikspolitiske bestemmelsar, fylkesplanar og kommunale vedtak er grunnsteinar i ein kontinuerleg prosess om samfunnsplanlegging.

Alle kommunar skal gjennomføre planlegging med sikte på å samordne den fysiske-, sosiale-, økonomiske-, estetiske- og kulturelle utviklinga i kommunen. Planlegginga skal ha ein langsiktig og ein kortsiktig del

Den langsiktige delen handlar om mål for utviklinga i kommunen, retningsliner for sektorane i kommunen og ein arealdel som syner arealbruken i kommunen. Den kortsiktige delen handlar om den kommunale aktiviteten dei næraste åra.

Plan -og bygningslova er den sentrale lova for offentleg styring av det fysiske miljøet i kommunen.

Ved hjelp av offentlege områdeplanar eller offentlege/private detaljplanar avgjer kommunen korleis areal skal nyttast. I planprosessen vert det lagt vekt på innsyn og medverknad frå innbyggjarane i kommunen.

Linkar:

Kommuneplan for Vågsøy kommune 2002-2014
Plan- og bygningslova (2008)

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering