Praktisk hjelp - praktisk hjelp/opplæring.

Praktisk hjelp - praktisk hjelp/opplæring er å gje teneste til personar som ikkje sjølv klarer å utføre praktiske gjeremål i heimen.
Tenesta skal bidra til at tenestemottakar klarer seg lengst mogleg i heimen. Praktisk hjelp/opplæring gjeld opplæring i dagleglivet sine gjeremål for at den enkelte skal verte mest mogleg sjølvhjelpen
 

Kven kan få tenesta:

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk hjelp/praktisk opplæring for å greie dagleglivet sine gjeremål.

Hjelpetilbodet vert vurdert ut frå den enkelte sine behov og Vågsøy kommune sin kvalitetstandard for praktisk hjelp.


Innhald i tenesta:

  • Reingjering av bustad, skifte sengklede, vask av klede
  • Førebu måltid
  • Hjelp til å bestille nødvendige varer 
  • Opplæring i dagleglivet sine gjeremål for å kunne bli meir sjølvhjelpt


Kva kan du forvente av oss :

  • Sakshandsamar tek kontakt med deg, etter motteken søknad, for innhenting av informasjon, evt. heimebesøk
  • Sakshandsamar er pålagd å nytte IPLOS som obligatorisk verktøy. Dette er dokumentasjon og statistikk innanfor pleie- og omsorgstenester.
  • Søknaden vil deretter bli handsama i tildelingsnemnda for helse og omsorg, og du vil få tilsendt eit enkeltvedtak
  • Tenesta vert gjeve deg på ein fagleg forsvarleg måte og slik det er formulert i vedtaket
  • Vi har teieplikt og gjev ikkje opplysningar vidare utan ditt samtykke
  • Informasjon, råd, hjelp og rettleiing etter behov
  • Tenesteytar kjem til avtalt tid, og gjev beskjed dersom endringar
  • Kommuna nyttar eige reinhaldsutstyr til utføring av praktisk hjelp
  • Ved behov for endringar i tenesta vert enkeltvedtaket revurdert i samråd med deg/din representant, med respekt for dine ynskjer og etter fagleg vurdering
  • I helg og høgtid vert det berre gjeve nødvendig praktisk hjelp.


Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette
  • Du eller din representant må gje melding til heimetenesta dersom du reiser bort, eller av annan årsak ikkje kan motta tenesta til avtalt tid
  • Gje melding dersom behovet endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenesta
  • Ved behov for endringar i tenesta vert enkeltvedtaket vurdert på nytt i samråd med deg og din representant
  • Du må akseptere at tenesteytar nyttar medbrakt kommunalt reingeringsutstyr
  • Du må respektere at tilsette ikkje kan ta i mot pengebeløp eller større gåver


Lovheimel:
Lov om pasient- og brukerrettigheter endring pr. 01.jan. 2012 § 2-1a:
"rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen"

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 01.jan.2012 § 3-2 første ledd nr. 6 b:
"personleg assistanse, herunder praktisk bistand og opplæring, støttekontakt"


Praktiske opplysningar:


Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker,  skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden.  Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Betaling:
Det vert krevd betaling for praktisk hjelp og praktisk hjelp/opplæring. Betalingssatsen vert rekna ut frå husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag fastsett av siste tilgjengelige likning per 01.01. kvart år.

Klage:
Vedtak om praktisk hjelp og praktisk hjelp/opplæring kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke fr. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701  Måløy.

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du  i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenken under. 

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering