Reduser straumkostnadane med kommunens energiportal

Energiportal - Klikk for stort bilete

Høge straumrekningar? Finn dei rette energitiltaka for din bustad med kommunens energiportal – heilt gratis!

Mange opplever høge straumkostnadar for tida. Det kan løne seg å installere energitiltak, som for eksempel varmepumpe eller etterisolering av tak, for å få ned kostnadane.

Kommunen har ein gratis og objektiv energiportal som gjer deg raskt svar på kva for energitiltak som passar i din individuelle bustad.

  1. Gå inn på kommunens energiportal.

  2. Tast inn adressa di og definér størrelsen på bustaden din.

  3. Kryss av for kva oppvarmingskjelder som benyttast i bustaden i dag, kva standard bustaden har, og om du har gjort oppgraderingar.

  4. Definér antal personar i hushaldninga og kor ofte/kor lenge kvar person dusjar, og antal karbad pr veke.

  5. Du får dynamisk oppdatert dagens forbruk i husstanden din.

  6. Simulér deretter ulike energitiltak i bustaden din og sjå kva for aktuelle tiltak du sparar mest energi og kostnadar på pr år. Vurdér dette opp mot innkjøpspris.

  7. For kvart tiltaksområde du simulerar, vil du får opp lokale leverandørar som kan installere tiltaket. Be om tilbod frå for eksempel tre av dine næraste leverandørar.

  8. Etter installasjon vil du sjå at straumkostnadane reduserast, gitt at du held same nivå for varme og komfort.

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 25.02.2019 14:28
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering