Rehabiliteringsopphald i institusjon.

Tilbod om målretta og tidsavgrensa rehabilitering for å oppnå auka meistring og funksjonsevne
 

Kven kan få tenesta:
Innbyggjarar i Vågsøy kommune, over 18 år, med fysiske og/eller lettare mentale funksjonstap som er motivert for og kan dra nytte av intensiv, målretta og tidsavgrensa rehabilitering.
Rehabiliteringa består av eigeninnsats til økt eigenomsorg og meistring.

Innhald i tenesta:
Rehabilitering kan vere opptrening av ein kroppsdel eller av ein funksjon. Du får hjelp frå fysioterapeut, ergoterapeut og pleiepersonalet til trening og oppfølgingstiltak og/eller utprøving/tinging av hjelpemiddel

Kva kan du forvente av oss:

  • Informasjon, råd og rettleiing
  • Vi yter tenester slik vedtaket er fastsett i samarbeid med både deg som er omsorgsmottaker og deg som omsorgsperson
  • Vi yter tenesta med respekt for din lisvssituasjon
  • Vi evaluerer tenesta saman med dykk


Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette
  • Vi får fullmakt til å innhente naudsynte medisinske opplysingar frå fastlækjar, spesialisthelsetenesta og fysioterapeut, slik at vi kan ivareta medisinske forhold best mogleg
  • Du deltek aktivt ved kartlegging av behov, utarbeiding av føresetnad for rehabiliteringa, samt evaluering av tilbodet
  • Du set deg inn i vedtaket
  • Vi får fullmakt til å innhente naudsynte medisinske opplysingar frå fastlege
  • Du syter for at privattøy er merka og at du avklarar vask av tøy under opphaldet
  • Du er sjølv ansvarleg for verdisaker/gjenstandar som du tek med deg under opphaldet
  • Du tek stilling til kven som skal oppgjevast som næraste pårørande. Vidare bør du avklare kor mykje og kva slag informasjon det er ønskjeleg at personalet formidlar til næraste pårørande
  • Du respekterer at tenesteytar ikkje kan ta imot pengar eller større gåver


Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje

Betaling:
Det kan kreves betaling for rehabiliteringsopphald i institusjon.
Jf. forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester kan kommunen ta betaling for rehabiliteringsopphald.

Klageadgang:
Vedtak om rehabiliteringsopphald i institusjon kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke fr. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadsskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering