Ressurssenter for demensramma

Dette er eit ressurssenter for personer som er ramma av demenssjukdom. Demens kan ramme personer i ulike aldersgrupper og fasar i livet. Visjonen til senteret er å tilby eit variert og levande tilbod som er tilpassa brukargruppa.

Senteret er lokalisert i Vågsøy Omsorgssenter midt i Måløy.

Kven kan få tenesta?

For å kunne få tildelt denne tenesta må ein ha diagnosa demens. Tilbodet er for personar som bur i eigen heim, åleine eller saman med pårørande. Tenesta skal førebygge eit auka hjelpebehov, ved å leggje til rette for at personane får oppretthalde gjenverande ressursar lengst mogleg. Tenesta er ein viktig del av kommuna sitt heilheitlege omsorgstilbod, med mål om at personen får bu lengst mogleg i eigen heim.

Ved tildeling av tenesta vert det lagt vekt på å dekkje behov som:

  • sosialt stimuli og aktivisering
  • rehabilitering (t.d. ved feil/underernæring, redusert bevegelighet, osb.) 
  • avlastning for pårørande

 

Innhald i tenesta

Opningstider

Mandag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

10:00-15:00

10:00-19:30

10:00-15:00

10:00-19:30

10:00-19:30

 

I tillegg er senteret opent kvar tredje laurdag, frå kl. 10:00-15:00. Senteret er stengt på raude dagar.

  • Det vert tilrettelagt for transport til og frå senteret (eigenandel)
  • Det er mogleg å ete frukost og middag kvar dag, samt kveldsmat på dagar med utvida opningstid (ein betalar pr. måltid)
  • Deltaking i aktivitetar, tilrettelagt etter interesser og funksjonsnivå

 

Kva kan de forvente av oss?

  • Etter motteken søknad vil sakshandsamar ta kontakt med deg for innhenting av informasjon. Heimebesøk kan vere aktuelt etter nærare avtale.
  • Sakshandsamar er pålagd å nytte IPLOS, som er eit dokumentasjons- og statistikkverktøy innanfor pleie- og omsorgstenester.
  • Søknaden vil deretter verte handsama i tildelingsnemnda for helse- og omsorg, og du vil få tilsendt eit enkeltvedtak.
  • Tenesta vert gjeven på ein fagleg forsvarleg måte og slik det kjem fram i vedtaket.
  • Eit variert og tilrettelagt innhald av aktivitetar.
  • Vi har teieplikt og gjev ikkje opplysningar vidare utan ditt samtykke.
  • Informasjon, råd, hjelp og rettleiing etter behov.
  • Fagleg revurdering av vedtaket i tråd med endra tenestebehov, i samråd med deg/din representant.

 

Kva vil vi forvente av Dykk?

  • Du/din representant må søke om tenesta og må samtykke til å motta den. Dersom du sjølv ikkje er i stand til å samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Du/din representant må sørge for at det vert gjeve beskjed dersom du reiser vekk eller ikkje kan kome til senteret til avtalt tid.
  • At de formidlar informasjon om endringar i behov og/eller dersom de ikkje er nøgd med tenesta.
  • Ved behov for endringar i tenesta vert enkeltvedtaket vurdert på nytt i samråd med deg og din representant.

 

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming
Skriftleg søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan eventuelt hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Kommuna pliktar å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak i tildelingsnemnda for helse- og omsorg. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Betaling
Betaling for plassen ved ressurssenteret og frukost/middag er fastsett etter til ei kvar tid gjeldande betalingssatsar vedteke i Kommunestyret.
Skriv om betalingssatsane finn du i høgre margen på denne sida.

Klageadgang
Vedtaket kan klagast på. Rett klageinstans er Formannskapet i Vågsøy kommune. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke, jf. Forvaltningslova § 29.
Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til. Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, postboks 294, 6701 Måløy.
 

Søknadsskjema
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenka under.

 

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon

Namn

Telefon

E-post

Sentralbord

57 84 50 00

post@vagsoy.kommune.no

Anne-Lin Kvalheim

57845533/90515733

Anne.lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no

Berit Myhre Skavøypoll

57845536/41463237

berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no

Mia Solheim

57845535

Mia.solheim@vagsoy.kommune.no

 

 

Søknadsskjema: Søknad om tenester i helse og omsorg.

Publisert av Bente Jørgensen. Sist endra 28.10.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering