Serveringsløyve

. - Klikk for stort bilete

Det må søkjast om serveringsløyve for å kunne drive serveringsstader der det skal serverast mat og/eller drikke.

Før du startar ein serveringsstad må det søkjast om serveringsløyve til kommunen. I tillegg skal Mattilsynet godkjenne serveringsstaden.

Styrar for serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva i serveringslova før serveringsløyvet vert gjeve. Du kan sende inn søknad om serveringsløyve i forkant av at du tek prøva, men du må avlegge prøva snarast.

Avdeling Service handsamar søknader om serveringsløyve og kan gje rettleiing i høve utfylling av søknad og event. prøvetaking. Rådmannen er delegert fullmakt til å avgjere søknader om serveringsløyve.

I følgje serveringslova skal all matservering vere avslutta kl. 01.00.  Kommunane kan utarbeide eigne forskrifter som utvida opningstider. Vågsøy kommune har ikkje eiga forskrift om dette og då gjeld serveringslova.

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering