Skjenkekontroll

Norges lover

Etter alkohollova har kommunen ansvar for å føre kontroll med utøvinga av dei kommunale salgs- og skjenkeløyvene jfr. 1-9 i alkoholloven.

Vågsøy kommune nyttar seg av faste skjenkekontrollørar. Konsulent Faksnes på NAV har ansvaret for gjennomføring av kontrollane og har ansvaret for oppfølging av kontrollørene.

Kontrollen skal særlig omfatte salgs- og skjenketidene, alders-grensebestemmelsane, og at det ikkje vert seld eller skjenka til personer som er åpenbart påvirka av rusmidlar. Kommunen skal sikre at kontrollen til ei kvar tid er retta mot dei forhold som framgår av alkoholforskrift nr. 538 § 9-4.

Kommunen har ansvar for å kontrollere at innehavane av salgs- og skjenkeløyvene fører internkontroll med den verksemd som vert drive i høve til løyvet, alkohollova og bestemmelsar fastsett i medhald av alkoholloven jfr. § 1-9 og forskrift 538, kap. 8.

Salgs- og skjenkestadane skal kontrollerast så ofte som behovet tilseier.  Kvar stad skal kontrollerast minst ein gang årleg. Kommunen skal årlig utføre minst tre ganger så mange kontroller som dei har salgs- og skjenkestader jfr. forskrift nr. 538 § 9-7.

Reklame for alkoholholdig drikk er forbode jfr. alkoholloven § 9-2 samt forskrift 538 kap. 14.

Lovverk:

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering