Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Skjenkeløyve kan gjevast for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda.

Søknad om skjenkeLøyve må skje elektronisk.  Her er søknadsskjema

Avdeling Service handsamar søknader om skjenkeløyve og kan gje råd ved utfylling av søknad, andre spørsmål omkring skjenkeløyver og om event. prøvetaking. Rådmannen er delegert fullmakt til å avgjere søknader om skjenkeløyve.

Vågsøy kommune har vedteke ein eigen Rusmiddelpolitisk handlingsplan (PDF, 701 kB), der retningslinjer for alkoholpolitikken er nedfelt. Der er også med dei gjeldande opnings- og skjenketider og salgstider for alkohol og avgifter for salg- og skjenking av alkohol. Kommunen har også vedteke (2012-2016) Retningslinjer for sal og skjenking av alkohol (PDF, 460 kB).

Nye eigarar på ein serveringsstad må søkje om nytt skjenkeløyve, men dei kan drive på det gamle løyvet i 3 månader så lenge serveringsstaden ikkje er konkurs. Om serveringsstaden er konkurs må dei ha nytt skjenkeløyve frå første dag.

Før du startar opp ein serveringsstad må du ha både etablerarprøve og kunnskapsprøva om alkohollova.  Stedfortredar må også ha kunnskapsprøva om alkohollova. Du kan levere inn søknad om serverings- og skjenkeløyve før du har teke/bestått dei to prøvene.  Før serveringsstaden er i drift må prøvene vere bestått.

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering