Støttekontakt

Støttekontakt er etter Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2, fyrste ledd punkt 6b, eit tiltak for personar og familiar som har behov for dette på grunn av ulike funksjonsnedsetjingar, alder eller sosiale problem.

Føremålet er å bryte sosial isolasjon og bidra til ei meiningsfull fritid


Kven kan få tenesta:
Støttekontakt kan vere eit viktig tiltak i forhold til born, unge og vaksne med psykiske problem, yngre og eldre funksjonshemma, innvandrarar som er ukjende med det norske samfunnet, familiar med samansette problem og rusmisbrukarar.

Støttekontakta skal:

  • Følgje til ulike arrangement ut frå dine interesser
  • Være ein god lyttar og kunne gje vennskapelege råd når det er ønskeleg
  • Ta initiativ til og foreslå ulike aktivitetar i samarbeid med deg


Kva kan du forvente av oss:

  • Vedtak vert fatta ut frå kartlagde behov og vurdering av eit samla tjenestetilbod
  • Det skal opprettast avtale med støttekontakta ut frå innhald i vedtaket
  • Du får råd, informasjon og rettleiing om dette tiltaket og eventuelle andre aktuelle tenester
  • Avtale tidspunkt innanfor rammer som passer begge partar, og at støttekontakta overheld avtalte tidspunkt
  • Du og støttekontakta bestemmer sjølv kva tida skal nyttast til
  • Støttekontakta er fleksibel innanfor oppdraget sine rammer
  • Støttekontakta er informert om si rolle
  • Støttekontakta har teieplikt


Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette
  • Du tek del i kartleggingssamtale / evalueringssamtale før vedtak skal fattast
  • Gjer uttrykk for kva du ønskjer å bruke tida til saman med støttekontakta
  • At du betalar for deg sjølv ved ulike arrangement og aktivitetar
  • Gjer beskjed til støttekontakt i god tid dersom avtaletidspunktet må endrast


Praktiske opplysingar:

Sakshandsamingstid:
Fortløpande og seinast innan 4 veker etter motteken søknad. Dersom du vert innvilga støttekontakt, men vi ikkje finn eigna person for øyeblikket, vil du få eit vedtak som seier at du får innvilga støttekontakt, men må vente til eigna person er funnet. Frist for å finne eigna person er 3 måneder. Dersom eigna person ikke er tilgjengeleg då, vil andre tenester måtte vurderast.

Betaling:
Det er gratis å motta støttekontakt, men brukaren må sjølv rekne med å dekkje sine eigne utgifter medan han/ho er saman med støttekontakta. Støttekontakta mottek lønn frå kommunen og får dekka dokumenterte utgifter knytte til oppdraget

Klageadgang:
Vedtak om støttekontaktr kan klagast på. Rett klageinstans er Formannskapet i Vågsøy kommune. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke jf. Forvaltningslova §29.
Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til. Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering