Tilrettelagt transport i Sogn og Fjordane

Formål
Transportteneste for funksjonshemma, TT-ordninga, er eit tilbod om drosjetransport til personar busett i Sogn og Fjordane som grunna varig funksjonshemming har store vanskar med å nytte ordinære kollektive transportmiddel. Transporttilbodet skal bidra til at dei skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg.

Godkjenning av brukar
TT er et tilbod til dei som har behov for spesialtransport, fordi dei, ut frå funksjonshemming, har store vanskar med å nytte det kollektive rutetilbodet på sin heimstad.  

Kommunale oppgåver

  • Behandle søknadar og fatte vedtak om brukargodkjenning, og eventuelt  prioritere brukarar på venteliste
  • Innhente informasjon som er nødvendig for å vurdere søknadane
  • Fastsette tildeling for kvar brukar
  • Rettleie og informere brukarane om TT-ordninga
  • Halde oversikt over brukarar som ikkje nyttar seg av ordninga over tid, slik at desse kan bli tekne ut av ordninga og avdekke brukarar som ikkje lenger har rett på TT
  • Melde TT-brukarar inn og ut av ordninga
  • Klagebehandling i høve forvaltningslova


Brukaren sine oppgåver

  • Sende inn søknad til kommunen
  • Skaffe erklæring frå lege/spesialist på standardisert skjema som skal leggast ved søknad
  • Berre nytte brukarkortet til fritidsreiser
  • Melde frå til kommunen om ein ikkje lenger oppfyller kriteria for godkjenning
  • Verdikortet er personleg. Om verdikortet er mista eller ikkje virkar må brukar ta kontakt på kommunen sitt sentralbord/servicekontor


Reiseområde
TT-ordninga er i første rekke meint for reiser i bustadkommunen til brukaren, men brukaren kan også bruke kortet elles i landet.

Dersom kortet vert nytta hos transportørar som ikkje er del av TT-ordninga i Sogn og Fjordane, må TT-brukaren sjølv legge ut for transporten og få dette refundert frå kommunen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sine retningslinjer for TT-ordninga skal overhaldast når reisa vert gjort utanfor fylket.

Eigenandel
Brukaren betalar 30 kr i eigenandel pr. reise.

Sakshandsaming:
Informasjon om tenesta med søknadsfrist vert annonsert i lokalavisa og på Vågsøy kommune sin nettside i forkant av kvar tildeling.
Søknadsfrist 15.april og 15.oktober.
Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Klage:
Vedtak er einskildvedtak med klagerett, jfr. Forvaltningslova.
Kommunen sitt klageorgan er klageinstans.
Klaga kan sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Skjema:
Skjema for tilrettelagt transport, legeerklæring og retningslinjer finn du nede på sida.

Kontaktinformasjon korttidsopphald i institusjon:
NamnTelefonE-post
Sentralbord57845000post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536berit.myhre.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering