Tryggleiksalarm

Ein tryggleiksalarm kan gjere kvardagen tryggare for personar med, for eksempel, nedsett førlegheit, som har lett for å falle eller som ikkje kan bruke vanleg telefon på grunn av kommunikasjonsvanskar

Kven kan få tenesta:

  • Tryggleiksalarm vert tildelt etter vurdering av funksjonsnivået ditt.
  • Du må kunne forstå og bruke alarmen.
  • Du må ha fasttelefon. Dersom du har PC og internett, må du ha to telefonlinjer.
  • Tryggleiksalarm vert ikkje tildelt i staden for andre tenester frå kommunen.

 

Innhald i tenesta:

  • Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre og/eller funksjonshemma som bur heime, men som på grunn av ulike årsaker føler seg uttrygg og vil sikre seg at ein får hjelp raskt ved behov.
  • Ved behov for akutt hjelp trykkjer ein på alarmknappen. Alarmsentralen blir automatisk kontakta.
  • Alarmsentralen har personale heile døgeret.
  • Uansett kvar ein er i bustaden og i eit avgrensa område rundt bustaden kan ein nytte tryggleiksalarmen. Dersom alarmsentralen ikkje får kontakt med deg, vil dei ta kontakt med heimetenesta i området ditt og dei kjem heim til deg.
  • Alarmknappen er på storleik med eit armbandsur og kan berast i ei snor kring halsen eller som armband. Det er også mogeleg å feste den til tøyet med ei klype. Knappen er vanntett, så ein treng ikkje leggje den vekk om ein tek oppvasken eller skal i dusjen.

 

Kva kan de forvente av oss:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Gje melding dersom behovet endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenesta.
  • Ved behov for endringar for tenesta vert enkeltvedtaket vurdert på nytt i samråd med deg og din representant.

 

Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Gje melding dersom behovet endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenesta.
  • Du bør ha alarmknappen på deg heile tida.
  • Heimetenesta i det området du tilhøyrer må ha ein nøkkel til bustaden din som vi bruker til å komme inn om du nyttar alarmen.

 

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje.

Betaling:
Betaling for tryggleiksalarm er fastsett etter til ei kvar tid gjeldande betalingssatsar vedteke i Kommunestyret.
Skriv om betalingssatsane finn du i høgre margen på denne sida.
Ein må betale for tryggleiksalarmen heilt til alarmen er sagt opp og alarmen er levert tilbake til heimetenesta i det området du tilhøyrer.

Klage:
Vedtak om tryggleiksalarm kan klagast på. Rett klageinstans er Formannskapet i Vågsøy kommune. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke jf. Forvaltningslova §29.

Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til. Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i høgre margen på denne sida. Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering