Ungdom - førebyggjande arbeid

Vågsøy kommune er eit "Lokalsamfunn med MOT"

MOT er ein idealistisk organisasjon som har ungdom i sentrum. MOT er eit verktøy i kultur- og verdibygging, der målet er å skape eit varmare og tryggare oppvekstmiljø gjennom å styrke menneskets mot til å ta vare på seg sjølv og kvarandre.

Les meir på MOT si heimeside

Folkehelsekoordinator
Med stortingsmelding nr. 16 "Resept for eit sunnare Norge" ønskjer Regjeringa å setje folkehelse på dagsorden, og vil oppnå "eit sunnare Norge" gjennom å mobilisere mange aktørar i samfunnet til eit forpliktande og heilskapleg folkehelsearbeid. Vågsøy kommune starta opp sitt folkehelsearbeid 1. oktober 2006, då vart det oppretta ein folkehelsekoordinator i 50% stilling.

Det er etablert eit folkehelseråd i kommunen, det skal i samarbeid med koordinator vurdere og samordne søknader om prosjektmidlar innanfor satsingsområdet som Vågsøy kommune har. Rådet skal ha ei samla oversikt over tiltak innanfor feltet, kome med framlegg til tiltak, koordinere og gjennomføre tiltak saman med eventuelle arbeidsgrupper, offentlege tenester og frivillige organisasjonar.

SATSINGSOMRÅDA TIL VÅGSØY KOMMUNE

  • Kosthald og ernæring
  • Fysisk aktivitet
  • Rusførebygging barn og unge


Samordna kriminalitetsforebyggjande tiltak(SLT).
SLT er ei forkorting for Samarbeid om Lokale kriminalitetsførebyggande Tiltak. Det er det kriminalitetsforbyggande råd (KRÅD) som står bak prosjektet sentralt. SLT er forankra i ST. meld nr 17, 1999-2000. Handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet.

SLT er ein modell for samarbeid, ikkje eit aktivitetsprogram. Utgangspunktet for modellen er at kriminalitet er noko vi ikkje ønsker og som vi må kjempe mot. Førebygging er ein god måte å kjempe mot kriminalitet på. Vi må sikre ungdomen vår ein sikker og trygg oppvekst.

Vi ønsker et trygt lokalsamfunn med gode oppvekstvilkår for barn og unge. Det er mange aktører både i politiet og i kommunen som arbeider for å nå dette målet, og det er viktig å koordinere arbeidet for å få et godt resultat.

Les meir på KRÅD si heimeside.

 

Kontaktinformasjon SLT-koordinator
Kontaktinformasjon SLT-koordinator
NamnTelefonE-post
Dagny-Ann Gangeskar99242994dagny.gangeskar@vagsoy.kommune.no
Folkehelsekoordinator
NavnStillingTelefonEpost
Vågsøy kommuneSentralbordet57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Birte SandalFolkehelsekoordinator975 84 747birte.sandal@vagsoy.kommune.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering