Utslepp av sanitært avløpsvatn frå hus og hytter

Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn frå hus og hytter (under 50 pe – kapittel 12 i forureiningsforskrifta)


Alle som har innlagt vatn må ha ei godkjent avløpsløysning.


Det betyr at dersom det ikkje er offentleg avløp i nærleiken, må ein søke om utsleppsløyve før det kan leggast inn vatn. Kravet om utsleppsløyve og godkjent avløpsanlegg gjeld uansett om det er installert WC eller ikkje.


Med innlagt vann vert det meint vatn som m.a. frå vatnverk, brønn eller cisterneanlegg som er ført innandørs.  Ein må søke om utsleppsløyve i samband med nybygg, innlegging av vatn i eksisterande bygg, ved auke i belastninga på anlegget, ved behov for oppgradering, utviding etc.

Du kan finne informasjon og rettleiing på www.avlop.no og www.norskvann.no. På www.avlop.no finn du og døme på utfylling av søknadsskjema med vedlegg.


Kven har søknadsplikt?


Utslepp av sanitært avløpsvatn er søknadspliktig jf. forureiningsforskrifta kapittel 12. Både når du skal etablere eit utslepp, eller vil auke eit eksisterande utslepp utover eksisterande rammer, må du søkje kommunen om utsleppsløyve. Dette gjeld også endring i type utslepp eller endring av utsleppsstad.


Det er søkar som har ansvar for å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne handsame søknaden. Handsaminga av søknaden startar når eit fullstendig utfylt søknadsskjema med alle nødvendige vedlegg ligg føre. Kommunen handsamar søknaden innan seks veker frå den har motteke eit fullstendig skjema med vedlegg.


Eigaren av anlegget pliktar å dimensjonere, drive og vedlikehalde anlegget slik at ein unngår sjenerande lukt og overheld vilkåra i utsleppsløyvet. Du må ta vare på informasjon om anlegget. Eventuelle naboklager skal takast vare på i fem år. Kommunen er tilsynsmyndigheit og fører tilsyn med at krava blir overhaldne. Kommunen kan krevje gebyr for tilsyn.


Det er eit eige søknadsskjema og ei tilhøyrande rettleiing for utfylling:

 

Vågsøy kommune krev ikkje gebyr for sakshandsaminga av søknad om utslepp, jf § 11-4 i forureiningsforskrifta. Det er gebyr for å vurdere om avløpsanlegget er i samsvar med planane kommunen har vedteke etter plan og bygningslova. Gebyret er i 2014 kr. 2860,-.

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering