Vågsøy folkebibliotek

Hjarteleg velkommen til Vågsøy folkebibliotek!

Biblioteket har flytta inn i fine nye lokaler midt i Måløy sentrum, du finn oss i Gate 1, nr. 82.

Hos oss kan du låne bøker, lydbøker, film, musikk, spel og tidsskrift. Det vi ikkje har sjølv prøver vi å fjernlåne frå andre norske bibliotek. Vi har trådlaust internett og tilgang til PressReader. Utanom opningstid kan du levere bøker i innleveringsboksen utanfor inngangen i Gate 1. Har du spørsmål, send gjerne e-post til bibliotek@vagsoy.kommune.no

Følg oss gjerne på Facebook!

 

 

Barneavdeling - Klikk for stort bilete

Sommaropningstider 20.06 - 20.08:
Måndag stengt

Tysdag  10.00 - 13.00

Onsdag  15.00 - 19.00

Torsdag 15.00 - 19.00

Fredag   10.00 - 13.00

Laurdag  10.30 - 14.00

God sommar!

 

 

Barnehagebesøk

Barnehager er hjarteleg velkomne på besøk til oss! Då har vi ei lita lesestund der barna får høyre nokre utvalde bøker, før vi serverer bollar etterpå. Det er også mogleg å ta med seg nistepakke og ete på møterommet vårt.

Vi kan ta imot dykk onsdagar på føremiddagen, men de må bestille tid! Send e-post til tamara.sortland@vagsoy.kommune.no for å finne ein ledig dato, eller ring oss på 57 84 51 32.

Møterom

Vi har eit møterom med plass til 12 personar som private eller lag og organisasjonar kan bestille til møter. Møtet må avviklast innanfor biblioteket sine opningstder. Rommet har ikkje teknisk utstyr, så ved behov for dette må det bringast med. For bestilling, send ein e-post til bibliotek@vagsoy.kommune.no

Oppsøkjande bibliotek

Dersom du har vanskar med å kome til biblioteket, kan biblioteket kome til deg! Denne ordninga er for personar med særskilte behov, sidan det er viktig at alle som ynskjer å bruke biblioteket får eit tilbod, uansett fysiske, psykiske eller språklege utfordringar. Vi bringer det du måtte ynskje å låne heim til deg ein gong i månaden. Ynskjer du å bruke denne ordninga eller kjenner du nokon dette kunne passe for? Ta kontakt for meir informasjon eller avtale! Ring oss på 57 84 51 32.

Leseombod

Likar du å lese for andre, og har litt tid til overs? Då kan det hende du kunne tenkje deg å bli leseombod? Som leseombod les du høgt for andre som ikkje kan lese sjølv, anten for eldre, svaksynte eller menneske med utviklingshemming eller demens. Du får delta på Leseombodkurs, og vi på biblioteket hjelper deg med organisering og eigna litteratur. Ta kntakt med oss for å få vite meir!

Digitale tenester

  • PC og internett: Vi har to stasjonære pc-ar ein kan bruke inntil 30 min. Dersom ingen andre ventar på å bruke maskinene er det høve til å sitje lenger. Utskrift er gratis opptil 20 sider. Det trådlause internettet på biblioteket kan nyttast på eige utstyr.

 

  • Webkatalog: I Webkatalogen vår kan du søkje på bøker, lydbøker, filmar og alt anna materiale som vi har på biblioteket. For å logge inn må du ha Nasjonalt lånekort og PIN-kode. Ta kontakt med oss dersom du ikkje har dette, så ordnar vi det! Finn du noko du likar i katalogen, kan du reservere det direkte og hente det på biblioteket når det er kome. Når du er innlogga, får du dessutan oversikt over alle låna dine og kan fornye dei dersom du ynskjer det.

 

  • Historiske aviser på nett: Via Nasjonalbiblioteket kan du lese historiske aviser på nett. Så lenge du er på biblioteket har du fri tilgang til millionar av norske avissider frå 1780-talet og fram til i dag. Tenesta inneheld både landsdekjande aviser og lokalaviser.

 

  • PressReader: gjennom PressReader kan du få digital tilgang til over 6 000 aviser og tidsskrift frå heile verda! Last ned PressReader-appen til din telefon eller nettbrett, og få tilgang når du er tilkopla biblioteket sit trådlause nett og 72 timer etter. Du kan også gå inn på nettsidene til PressReader på biblioteket sine stasjonære pc-ar og få tilgang der. Spør oss om hjelp om du lurer!

 

  • E-bøker: gjennom appen eBokBib kan du låne e-bøker og få dei rett inn på telefonen eller nettbrettet ditt. Lånetida er normalt tre veker. Når lånetida er ute forsvinn det lånte materialet automatisk frå appen din. Spør oss om hjelp om du lurer!

 

  • Filmbib: Har du Nasjonalt lånekort kan du strømme norske kort- og dokumentarfilmar gjennom nettsida www.filmbib.no. Logg inn med lånenummer og PIN-kode, og sjå filmane der du er. Filmbib har også ein app du kan laste ned til mobil og nettbrett.

 

  • Aviser: Vi abonnerer på Fjordenes Tidende, Sunnmørsposten og Bergens Tidende. Les du desse avisene på våre pc-ar har du også tilgang til artiklane som berre er opne for abonnentar.

 

Reglement for lånekort:

  • Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift av føresette for å få lånekort.
  • Utanlandske lånarar kan få eige kort, dersom dei anten har norsk personnummer, D-nummer (utanlandsk statsborgar som skattar til Noreg) eller DUF-nummer (innvandrarar og asylsøkjarar).
  • Lån til skuleklassar skal ha ein lærar som ansvarleg for materialet, og evt. tap skal erstattast av skulen.
  • Normal lånetid er 4 veker. Det er høve til å fornye lånet. Lånetid for video er 1 veke, kan fornyast éin gong.
  • Utlånt materiale kan reserverast om lånaren ønskjer det. Biblioteket kan prøve å låne inn bøker frå andre bibliotek, dersom boka ikkje finst hos oss.
  • Lånaren er ansvarleg for all skade på materialet som er lånt på vedkommande sitt lånekort og pliktar å betale vederlag dersom dokumenta vert skada eller tapt på anna vis. Føresette er ansvarlege for barna sine lån.

Biblioteket er ikkje ansvarleg for skade som måtte oppstå på avspelingsutstyr.

 

Purring / Gebyr

Biblioteket sender ut tre varsel på dokument som ikkje er levert attende til rett tid. Det fjerde varselet er rekning for tapt materiale. Rekninga vert sendt økonomiseksjonen i Vågsøy kommune som tek ansvaret for innkrevjinga. Standardprisen for erstatning av ei vaksenbok er kr. 500,- medan for ei barnebok kr 300,-

 

Kontaktinformasjon bibliotek:
Kontaktinformasjon bibliotek:
NamnTelefonE-post
Sentralbordet57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Tamara Sortland57 84 51 30tamara.sortland@vagsoy.kommune.no
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering