Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage for husstandar med låg inntekt

Barnehagebarn - Klikk for stort bilete Ei ny nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetalinga i barnehage vart innført frå 01.05. 2015. Den går ut på at ingen hushaldning skal betale meir enn 6 prosent av inntekta for ein barnehageplass.

Maksimalprisen er auka til kr. 3 040,- per månad frå og med 01.08.2019.

Hushaldningar som har ei samla brutto inntekt under kr 548 500,- kan søke om reduksjon i foreldrebetalinga for barnehageplass.

Søskenmoderasjon vert rekna ut etter redusert sats jf. vedtak for det eldste barnet.

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar  som bur  i husstandar med  lav inntekt  rett til 20 timar gratis opphald  pr. veke. Husstandar  som  har ei samla brutto inntekt under 548 000 kroner  kan  søkje om  dette. Alle som har rett til gratis kjernetid,  har også rett til redusert  foreldrebetaling.

Ordninga er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehage.

Det er kommunen som barnehagemynde som har ansvar for denne ordninga, men endringane i forskrifta omfattar både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Dei som har barnehageplass i private barnehagar sender søknad om reduksjon i foreldrebetalinga til kommunen, og barnehagen får tilsendt kopi av vedtaket.

Søknad om redusert foreldrebetaling sendes til Vågsøy kommune v/ oppvekst, og avsendar vil motta vedtak frå kommunen som viser til reduksjonen for ei tidsavgrensa periode. Det må sendast ny søknad for kvart barnehageår. Søknaden må sendast inn innan 15.juni, for å være sikre at nytt vedtak er på plass ved oppstart av nytt barnehageår.

Inntekter skal reknast med:

Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldninga si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Som ei hushaldning reknast ektefeller, registrerte partnare og sambuarar. Bor eit barn fast hos begge foreldra, skal betalinga reknast ut frå inntekta i hushaldninga der barnet er folkeregistrert.

Dokumentasjon:

Sjølvmelding skal leggast ved søknaden som dokumentasjon. Sjølvmeldinga vil normalt innehalde dei fleste skattepliktige kapital- og personinntekter. Dersom noko ikkje er registrert av skattepliktig person- eller kapitalinntekt, er søker pliktig å opplyse om det ved søknad. Unntak: Barnebidrag skal ikkje reknast med som del av inntekten. Om søkjar ikkje har budd lenge nok i landet til å ha mottatt sjølvmelding, må ein dokumentere inntekta si på anna måte, t.d. lønnslipp, dokumentasjon frå NAV. Dette kan du lese meir om i gjeldande informasjonskriv og søknadskjema. (PDF, 192 kB)

Søknadsskjema finn du på heimesida til Vågsøy kommune og  barnehagane. Du kan og få det på servicetorget til kommunen og i den enkelte barnehage.

Ved spørsmål ta kontakt med Vågsøy kommune sitt sentralbord tlf. 57845000.

Publisert av Bjørn Roger Rasmussen. Sist endra 05.07.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering