Kommunalt krisesentertilbod

Frå 2010 er kommunane gjennom ei ny lov ( krisesenterlova) pliktig å sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, barn og menn som er utsett for vald eller trugsmål om vald i nære relasjonar.

Hjerte - Klikk for stort bilete

Krisentertilbodet skal omfatte:

  • Eit trygt og mellombels butilbod på døgnbasis
  • Dagtilbod for støtte og rettleiing
  • Rådgjeving på telefon heile døgnet
  • Oppfylging i rehabiliteringsfasen

 

Kommunen skal syte for at både kvinner, barn og menn som er utsett for vald eller trugsmål om vald i nære relasjonar , får ei heilskapleg oppfylging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet.

Vågsøy kommune dekkjer inntil vidare forpliktinga si gjennom samarbeid med Krisesenteret i Sogn og Fjordane som ligg i Florø.

Det som så langt ikkje er på plass, er døgntilbod til menn og reell tilgang på dagtilbod grunna lang reiseveg.

Kommunane i Sogn og Fjordane samarbeider om utgreiingsarbeid for å avklare organisering av det framtidige Krisesentertilbodet i fylket.
Avklaring vil skje i løpet av hausten 2010.

Alle som er i målgruppa kan kontakte lokalt hjelpeapparat som t.d fastlege, psykiatriteneste, barnevernteneste, helsestasjon, NAV , eller ta direkte kontakt med Krisesenteret:

Krisesenteret i Sogn og Fjordane tlf. 57 74 36 00
Postboks 188
6901 Florø



 

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 19.08.2014
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering