Oversikt over eit utval av ledige bustadtomter

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Er du interessert i tomt kan du ta kontakt med Servicetorget, tlf. 57 84 50 00.
Vi vil vere behjelpeleg med å finne fram til reguleringsplanar i det området du ynskjer å busetje deg i. Vi kan òg formidle kven som er eigar av private tomter som ikkje er utbygde.

 

Dersom eigarar av private bustadfelt/tomter ynskjer det, kan vi legge til peikarar til private nettsider med oversikt over kva tomter som ligg ute for sal. Ta kontakt med Servicetorget, tlf. 57 84 50 00
og vi vil oppdatere artikkelen med din informasjon.

Det er t.d. 7 tomter i det private feltet Gartnerløkka i sentrum på Raudeberg. Gartnerløkka har også eiga nettside som du finn her.

Det er mange private tomter som ikkje er utbygd i kommunen. Den siste oppdaterte oversikta i kommuneplanen frå 2002 viser desse som lysgule felt. Kommuneplanen finn du her. Du må velje «kommuneplan» som karttype, og deretter zoome inn på aktuelt område for å sjå detaljar. Dersom grunnkartet viser eit bustadhus på den lysgule tomta er tomta blitt utbygd sidan 2002.

Under finn du ei oversikt over eit utval av reguleringsplanar der det er ein del tomter ledige. Ikkje alle desse felta ligg ute for sal, sjå kommentarfeltet.

Utval av reguleringsplanar med ledige bustadtomter

Tal tomter

Merknad

Reguleringsplan for Holvik-Furutoppen

8

Risikovurdering ras

Reguleringsplan for Skramsfeltet

32

Detaljprosjektering manglar

Reguleringsplan for Amondamarka

18

Detaljprosjektering manglar

Reguleringsplan for Gartnerløkka/Raudeberg

7

Privat

Reguleringsplan for Halsørsanden bustadfelt

5

Privat

Reguleringsplan for Kvalheim

6

Privat

Reguleringsplan for Vågen

20

Privat

Reguleringsplan for Deknepoll -"Skrubbehauen"

5

Privat

Reguleringsplan for Almenningen/Eldevik

2

Kr. 1,- Vågsøy kommune

Reguleringsplan for Bryggja sentrum

14

Vågsøy kommune

Reguleringsplan for Raudeberg del 3 v/kyrkja

7

Privat

Reguleringsplan for Raudeberg del 1 v/Øvrevegen

23

Privat

Totalt

147

 
Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 24.02.2015
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering