Kommunale planar

Planane seier noko om korleis kommunen skal styrast og utviklast innanfor ulike områder i åra framover. Planane vert handsama politisk og dei fleste vert vedtekne av kommunestyret.

Kommuneplanen: Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet i Vågsøy kommune. Den gir rammer for korleis kommunen skal utviklast og korleis vi skal forvalte areal. Kommunen skal utarbeide ein planstrategi minst ein gang kvar valperiode. Planstrategien skal sette fokus på planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre, for å legge til rette for ei positiv utvikling.

Kommunedelplanar: Kommunen lagar kommunedelplanar for bestemte tema, tenesteområde  eller geografiske område. Ein kommunedelplan er eit styringsdokument som fortel korleis kommunen skal utviklast på eit overordna nivå. Kommunedelplanar er meir detaljert enn kommuneplanen og har handlingsprogram.

Temaplaner/andre planar: Ein temaplan kan gjelde for ulike tema og er ofte planar som seier korleis kommunen ut frå ein fagleg ståstad skal handle og prioritere. Temaplanar kan vere fagplanar som ikkje er politisk vedtekne.

Planar under arbeid: Kommunen har mange ulike planar under utarbeiding. Det vert lagt ut informasjon om dei ulike planprosessane. Arealplanar som er på høyring vert kunngjort her.

Reguleringsplaner: Alle gjeldande planar er lagt inn i det digitale planregisteret. GISLINE Web Innsyn er ei nettside med kart og vedtekne arealplanar. Ved enkle søk og peiking i kartet får ein tilgang til relevante opplysningar om eigedom og plandata.

Budsjett og handlingsdelen til kommuneplanen: Budsjett og handlingsdelen handlar om korleis dei økonomiske ressursane er planlagt prioritert i Vågsøy kommune. Dokumenta omfattar alle tenesteområde og oppgåver i kommunen og gir ei oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver.

Årsmelding og rekneskap: Årsmeldinga omhandlar kva kommunen har gjort innanfor dei ulike tenesteområda i året som har gått. Årsrekneskapen viser korleis pengane er nytta innanfor dei same områda.

 
Plantype: Planar:
Kommuneplan
  • Planstrategi 2016-2019
  • Samfunnsdel 2013-2025
  • Arealdel 2002
Kommunedelplanar
  • Vedteken kommunedelplan for folkehelse 2016-2020, tiltaksplan folkehelseplan
  • Kommunedelplan for oppvekst 2013-2025
  • Kommunedelplan for helse og omsorg 2012-2024
  • Kommunal plan for kulturbygg, idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2011-2014
  • Kommunedelplan trafikksikring 2013-2020
Temaplanar/andre planar

Oppvekst:

  • Frå eldst til yngst i Vågsøy kommune 2009
  • Spesialpedagogisk plan 2014-2018
  • Entrepenørskap barnehage
  • Entrepenørskap skule
  • Plan mot mobbing i barnehage

 

Helse og omsorg:

  • Smittevernplan 2011
  • Pandemiplan for Vågsøy kommune 2009
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2012-2016

 

Andre:

  • Kriseplan for Vågsøy 2014
  • Strategisk plan IKT for Nordfjordkommunane 2009-2012
  • Biologisk mangfald 2002
  • Adresseplan og forenkla skiltplan 2013
  • Utviklingsplan for reiseliv og opplevingar i Vågsøy 2007
  • Behovsanalyse næringsareal i Vågsøy kommune 2010
  • Stadanalyse for Måløy sentrum 2012
  • Temaplan Måløy hamn 2014
  • Temaplan næring i Måløy sentrum 2014
  • Strategisk plan for SMIL-midlar
Planar under arbeid
  • Reguleringsplanar
  • Arealdelen til kommuneplanen
  • Energiutgreiing
  • Kulturminneplan
  • Kommunedelplan for folkehelse
  • Kommunal plan for kulturbygg, idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014-2017
  • Strategisk plan IKT for Nordfjordkommunane
Reguleringsplanar
  • Planregister (webplan)
  • Kart på Web
Budsjett og handlingsdelen til kommuneplanen
  • Handlingsdelen til kommuneplanen for Vågsøy kommune 2014-2017, del 1
  • Økonomiplan 2014-2017 og årsbudsjett 2014. Del 2 Handlingsdelen til kommuneplanen 2014-2017
Årsmelding og rekneskap
  • Årsmelding 2013
  • Årsrekneskap 2013

 

 

 

 

 

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering