Kommuneplan

Planstrategi 2011 - Klikk for stort bilete

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet i Vågsøy kommune. Den gir rammer for korleis kommunen skal utviklast og korleis vi skal forvalte areal.
 
Kommunen skal utarbeide ein planstrategi minst ein gang kvar valperiode. Planstrategien skal sette fokus på planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre, for å legge til rette for ei positiv utvikling. Kommunen skal utarbeide planstrategi og vedta den seinast eit år etter at nyvalt kommunestyre er konstituert. Gjeldande planstrategi (PDF, 2 MB) vart vedteken i 2016.

Kommuneplan 2013-2025 samfunnsdelen - Klikk for stort bilete Samfunnsdelen til kommuneplanen vedteken i 2013 (PDF, 7 MB) fortel korleis Vågsøy kommune skal bli eit best mogleg samfunn. Det er ein overordna og langsiktig plan som set politiske mål og strategiar for Vågsøy kommune både som samfunn, som myndigheit og som tenesteytar.

I samfunnsdelen er det fokus på at Vågsøy kommune skal vere ein god stad å bu, bygd på visjonen VEKST OG TRIVSEL. Vi skal aktivt utvikle regionen vår med attraktive arbeidsplasser og eit levande sentrum i kommunen. Kulturen vår skal kjenneteiknast av at vi er opne og inkluderande, at vi vågar og er utviklingsorienterte.

Ut frå utfordringane og målet om å utvikle kommunen til ein heilskapleg og handlekraftig organisasjon er det fire prioriterte innsatsområder: folkehelse, tidleg innsats- og livsløpsperspektiv, kvalitet- og kompetanseutvikling og rekruttering.

Arealdelen til kommuneplanen frå 2002 gir rammene for bruk og vern av areal. Planen består av ei rekkje kart som viser eksisterande og planlagt arealbruk. Med bakgrunn i arealdelen kan det utarbeidast meir detaljerte planar. Arealdelen består både av plankart føresegner (juridisk bindande føringar) og retningsliner. I tillegg er det ein tekstdel som skildrar planen.

Rullering av arealdelen til kommuneplanen for Vågsøy 2016-2028
Vågsøy kommune er i gang med utarbeiding av ny arealdel til kommuneplan.
Her har vi laget en egen side som viser hvor vi er i planprosessen.
 

Planstrategi for Vågsøy 2016-2019 - Klikk for stort bilete Det er utarbeidd nytt framlegg til planstrategi.

Planstrategi for Vågsøy 2016 - 2019

Planstrategien ble vedtatt av kommunestyret 15.09.2016 i år og danner grunnlaget for kommunens planlegging i kommunestyreperioden 2016 - 2019. Den viser sentrale utviklingstrekk og utfordringer fremover og kommunens prioritering av plan-, strategi-, og utbedringsarbeid i perioden. 
 

 

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering