Avkøyrsle

Endring av avkøyrsle, ny avkøyrsle eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsle frå offentleg veg krev særskilt løyve.

Er vegen kommunal, blir spørsmålet om avkøyrsle behandla i lag med delings- eller byggesak. Gjeld det avkøyrsle frå fylkesveg eller riksveg, må det sendast søknad til Statens vegvesen.

Adressa til Statens Vegvesen.

Ved godkjenning av avkøyrsle blir det stilt krav til geometrisk utforming og frisiktsoner. Konkrete krav vil variere ut frå trafikkmengde og dimensjonerande fart på vegen.

Etablering av avkøyrsle er søknadspliktig etter plan- og bygningslova §20-1, og slik søknad skal innehalde følgjande:

•Søknadsskjemaet Søknad om avkøyrsle (PDF, 197 kB)

•Nabovarsel, eventuelt Gjenpart av nabovarsel

•Situasjonsplan (kartutsnitt) som viser plassering.

•Vertikalsnitt av planlagd avkøyrsle

•Gjeld søknaden avkøyrsle frå fylkesveg, riksveg eller europaveg i uregulert område skal også Statens vegvesen sitt skjemaet Søknad om avkøyrsle/dispensasjon frå byggegrense langs offentleg veg fyllast ut (PDF, 197 kB).

Kontaktinformasjon avkøyrsle.
Kontaktinformasjon avkøyrsle.
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Odd-Henning Svoren57 84 50 83odd.svoren@vagsoy.kommune.no