Folkehelse

Bandy - Klikk for stort bilete Med stortingsmelding nr. 16 "Resept for eit sunnare Norge" ønskjer Regjeringa å setje folkehelse på dagsorden, og vil oppnå "eit sunnare Norge" gjennom å mobilisere mange aktørar i samfunnet til eit forpliktande og heilskapleg folkehelsearbeid.

Den nye folkehelselova sitt mål er «å bidra til ein samfunnsutvikling som fremmer folkehelse...". (Det kongelige Helse-og omsorgsdepartement, 2011). Arbeidet med folkehelse skal fremme befolkningas helse og vere med på å skape ei kommune med trivsel og glede. Oppgåva er å påverke dei faktorane som spelar inn på helsa vår. Derfor er ein avhengig av eit godt samarbeid mellom alle sektorar og ulike aktørar.

Ulike faktorar kan vere fysisk aktivitet, kosthald, tobakk, rusmiddel, psykisk helse m.m. For å fremme helse er det viktig at ein auka dei positive og redusera dei negative faktorane som spelar inn på helsa.

I Vågsøy kommune har ein fleire moglegheiter til å nytte seg av naturen. En hyggelig atmosfære aukar lysta og gleda ved og vere aktiv. Naturen er også ein trivelig plass å bruke som arena for fysisk aktivitet. Vågsøy kommune vil arbeide for at befolkninga skal ha gode muligheiter til å vere aktive.

Satsningsområda til Vågsøy kommune:

  • Psykisk helse.
  • Kosthald og ernæring.
  • Fysisk aktivitet.

 

Folkehelsekoordinator skal stimulere til, koordinere og vidareutvikle tiltak for styrking av folkehelsa.

Birte Sandal jobbar som folkehelsekoordinator i 50 % stilling. Ho har kontor på Rådhuset og kan treffast der måndag, onsdag og fredag.

Folkehelsekoordinator
NavnStillingTelefonEpost
Vågsøy kommuneSentralbordet57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Birte SandalFolkehelsekoordinator975 84 747birte.sandal@vagsoy.kommune.no
Publisert av Odd Gunnar Myhre. Sist endra 06.02.2015
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering