Kriseteamet i Vågsøy kommune

Gruppa er samansett slik:

  • Kommunelege Trond Inselseth - leiar
  • Helsesyster Turid Blålid
  • Lensmannsbetjent Morten Hagen
  • Sokneprest Mari Saltkjel
  • Psykisk helseteneste Stine Aase Myhre - koordinator

Det er som regel politi, lege og i nokre tilfeller prest som først er oppe i ei krise. Dei varslar kriseteamet (ein eller fleire). Kriseteamet vurderer om kommuneleiinga v/ordførar skal kontaktast. Dersom ein ikkje får tak i ordførar kan rådmann Jeanette Jensen kontaktast.

Kriseteamet i Vågsøy har som målsetting å samordne tilgjengelege ressursar ovanfor menneske i krise. Oppgåvene omfattar:

  • Gje informasjon og ha kunnskap om situasjonen.
  • Praktisk/fagleg hjelp og støtte og menneskeleg kontakt.
  • Avklare behov og vurdere tiltak.
  • Oversikt over ressursar for krisehandtering i kommunen.
  • Sette i verk/samordne tiltak.
  • Bistand til skular/institusjonar i krisehandtering.
  • Legge til rette for sjølvhjelp og normalisering.
  • Vurdere vidare oppfølging.

Gruppa samlast:
 
  • Ein til to gonger årleg, for oppdatering og evaluering.
  • Når ein av medlemmane formidlar behov for dette.
  • Etter varsling frå naudsentralen eller andre.
  • Kort tid etter aktivitet/hending, for debriefing og evaluering.
  • Avtale kven som har ansvar oppfølging etter 3-6 mndr.

All informasjon som blir gruppa til del, vil verte ivareteken av medlemmane sin profesjonsbestemte teieplikt.
 

Kriseteamet 11.04.2018 - Klikk for stort bilete

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering