Vågsøy kulturskule - generell info

Her finn du informasjon om Vågsøy kulturskule.

Vi har mange flotte fagdisiplinar. Alle kan søkje uansett nivå. Born og unge opp til 19 år får prioritet.
Her er lenkje til kulturskuleportalen for søknad og oppseiing av elevplass.

Visuell kunst - Klikk for stort bilete

SØK OM ELEVPLASS HER

I Kinn kulturskule - avd. Måløy kan du få undervisning i:

  • Song
  • Visuell kunst – teikning, maling, trykk, keramikk, skulptur m.m.
  • Messing - Kornett, althorn, baryton
  • Fiolin
  • Cello
  • Piano
  • Gitar, ukulele og bass
  • Slagverk og trommesett
  • Skapande skriving (kortkurs)
  • Drama/teater (kortkurs)

Har du lyst å lære noko anna enn det vi tilbyr pr. i dag? Ta kontakt med rektor så skal vi sjå kva som er mogeleg å få til.

Lyst å bli aspirant i skulekorpset?
Vågsøy kulturskule underviser alle aspiranter i messing og slagverk i alle skulekorps.
Ein kan bli aspirant frå og med 2.klasse. En vert sett sammen ut frå alder og erfaring.
Du registrer deg som Ny ELEV og vel så Aspirant (ASP1) i Vågsøy kulturskule. Viss du ikkje har spelt før, vel du 1. års aspirant. Kan du det grunnleggjande, vel du 2. års aspirant. Dersom du spelar OK, men treng litt oppfrisking før du startar i korpset, kan du for eksempel velje 3. års aspirant. Du vel også kva korps du søkjer medlemskap hos. Korpsmedlemsavgifta vert fastsett av dei ulike korpsa. Du betalar ikkje noko til kulturskulen.

Korleis søkje om eller seie opp elevplass?

Du kan søkje om elevplass heile året på kulturskulen sin portal, men hovudopptaket skjer i samband med skulestart. Det er føresette som søkjer for born under 18 år. Både søknad om plass og oppseiing av elevplass må gjerast skriftleg via kulturskuleportalen vår.

Prøvetimar og besøk
Dersom ein har lyst å finne ut om ein likar undervisninga ved kulturskulen, søkjer ein på vanleg måte og sender så e-post til rektor der ein ber om to gratis prøvetimar. I gruppeundervisning i Visuell kunst kan ein få komme på eitt besøk etter førehandsavtale med kunstlæraren. Det er føresette som avtaler besøk og prøvetimar. 

Låneinstrument
Alle elevar må i utgangspunktet ha eigne instrument. Kulturskulen har nokre få strykeinstrument og gitarar som ein kan låne i oppstarten eller medan ein ventar på eige instrument. I aspirantopplæringa får blåseinstrument frå korpsa.

Inga aldersgrense - inga kommunegrense
Vaksne og eldre kan fint gå i kulturskulen også. Og born frå andre kommuner er også velkomne til å søkje. Men unge opp til 19 år frå kommunen har fortrinnsrett.

Venteliste
Dersom eit fagtilbod ikkje har kapasitet til å ta deg inn, vert du sett på venteliste og kontakta når det er ledig plass. Ein treng ikkje å søkje kvart år om ein har søkt ein gong. Står du på venteliste, rykker du oppover på lista.

Semesteravgifta for elevplass ved kulturskulen finn i kommunen sine Gebyr- og betalingssatsar

Betalingssatsane er lik for alle fagdisiplinar.
Betalingssatsane gjeld ikkje aspirantopplæringa. Her melder ein seg inn i skulekorpsa og får undervisinga dekka gjennom korpsmedlemskapet.

Ein får 30% i fleirefagsmoderasjon og syskenmoderasjon frå og med sysken nummer 2. (Aspirantopplæring tel ikkje med.)

Dersom skulen må avlyse meir enn 4 undervisningsøkter i eitt semester, får foreldre etter søknad reduksjon i semesteravgifta. Søknad sendast rektor. Reduksjonen trekkjast frå på neste semesteravgift eller tilbakebetalast dersom eleven sluttar. 

Kulturskulen fylgjer grunnskulane si skulerute.

Kontaktinformasjon kulturskule:
Kontaktinformasjon kulturskule:
Lærar i:NamnE-post
Sentralbord i kommunen57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Tenesteleiar kulturOdd Gunnar Myhre, 90 19 57 01odd.myhre@vagsoy.kommune.no
Rektor/ SangHildegunn Vederhus, 97 71 33 15hildegunn.vederhus@vagsoy.kommune.no
Piano / Strykeinstr.Ivan Smilovski, 47 61 24 32ivan.smilovski@vagsoy.kommune.no
Gitar, bass, trommer, messingOdd-Arne Osebergodd-arne.oseberg@vagsoy.kommune.no
MessingLisbeth Helen Våge, 90 08 66 13lisbeth.vage@vagsoy.kommune.no
Visuell kunstTommy Jansen Bredesen
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering