Korttidsopphald i institusjon.

Personar med omfattande hjelpebehov får tidsavgrensa opphald ei periode for å kunne bu i eigen heim så lenge som mogleg

Kven kan få tenesta:

  • Du som kan ha nytte av eit tidsavgrensa opphald i institusjon for å oppretthalde eller betre ditt funksjonsnivå og din helsetilstand.
  • Du som kan ha behov for observasjon, utreiing og behandling.
  • Du som treng lindrande pleie og behandling i livets siste fase, når det ikkje er hensiktsmessig å få tilpassa tenester i heimen.

 

Kva kan du forvente av oss:

  • Informasjon, råd og rettleiing.
  • Vi yter tenester slik vedtaket er fastsett i samarbeid med både deg som er omsorgsmottakarog deg som omsorgsperson.
  • Vi yter tenesta med respekt for din livssituasjon.
  • Vi evaluerer tenesta saman med dykk.

 

Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Vi får fullmakt til å innhente naudsynte medisinske opplysingar frå fastlækjar, spesialisthelsetenesta og fysioterapeut, slik at vi kan ivareta medisinske forhold best mogleg.
  • Du set deg inn i vedtaket.
  • Du syter for at privatklede er merka og at du avklarar vask av klede under opphaldet.
  • Du er sjølv ansvarleg for verdisaker/gjenstandar som du tek med deg under opphaldet.
  • Du tek stilling til kven som skal oppgjevast som næraste pårørande. Vidare bør du avklare kor mykje og kva slag informasjon det er ønskjeleg at personalet formidlar til næraste pårørande.
  • Du respekterer at tenesteytar ikkje kan ta imot pengar eller større gåver.

 

Lovheimel:
Lov om pasient- og brukerrettigheter endring pr. 01.jan. 2012 § 2-1a:
"rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen"
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 01.jan.2012 § 3-2 første ledd nr. 6 c: "plass i institusjon, herunder sykehjem"

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje

Betaling:
Det kan kreves betaling for korttidsopphald i institusjon.
Jf. forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester kan kommunen ta betaling for korttidsopphald.

Klageadgang:
Vedtak om korttidsopphald i institusjon kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke fr. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til:

Vågsøy kommune
Postboks 294
6701 Måløy

Søknadsskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du i menyen "Skjema" på toppen av denne sida, eller via lenken under.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon korttidsopphald i institusjon:
NamnTelefonE-post
Sentralbord57845000post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536berit.myhre.skavoypoll@vagsoy.kommune.no