Fysioterapitenesta

Vågsøy kommune sitt tilbod innan fysioterapi er delt i 2:

  • Kommunalt tilsette fysioterapeutar.
  • Driftsavtale med privatpraktiserande fysioterapeutar.

Kommunen har også ein manuellterapeut som har fått kommunalt driftstilskot til fysioterapeutar.

Kulatoppen omsorgssenter
Kulatoppen omsorgssenter

Fysioterapitenesta kan:

  • Bidra til at du oppnår best mogleg rørsle og funksjon i forhold til dine moglegheiter etter sjukdom, skade eller medfødde lidingar.
  • Gje informasjon og vegleiing om korleis du sjølv kan ta vare på di fysiske helse.
  • Gje lovpålagt teneste i høve til kommunehelsetenestelova.

Kven kan få tenesta:

  • Alle barn og unge.
  • Du som er på institusjon.
  • Eldre i eigen bustad.


Innhald i tenesta:

For barn og unge 0-16 år:

  • Undersøking og vurdering av behov for vidare utgreiing, tilrettelegging og behandlings- og stimuleringstiltak for barn og unge med funksjonsproblem eller som står i fare for å utvikle funksjonsproblem.
  • Vegleiing av barn, foreldre, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Vegleiing i barselgrupper.
  • Vurdering av barn sine fysiske funksjonar i 1. klasse.
  • Førebyggjande og helsefremjande tiltak.


For vaksne og eldre:
Ved institusjon:

  • Tilbod om fysioterapi, behandling og/eller vegleiing av fysioterapeut vert gjeve etter vurdert behov.
  • Målsetjing for fysioterapibehandling og trening vert sett opp i samarbeid med deg, fysioterapeut og andre tilsette (sjå eigen tenestebeskriving for opphald i institusjon).
  • Behandling og/eller vegleiing for å betre funksjon og gjere deg meir sjølvhjelpen etter sjukdom eller skade.
  • Vegleiing av tilsette og eventuelt pårørande.


Heimebesøk:

  • Vurdering av behov for fysioterapi eller hjelpemidlar ved utskriving frå institusjon.
  •  Vegleiing av pasient/pårørande i tiltak som kan betre funksjon.
  • Ved behov for ytterligare fysioterapibehandling i heimen, kan privatpraktiserande fysioterapeut utføre behandling etter rekvisisjon frå lege.


Hjelpemiddelformidling for barn og vaksne:

  • Vurdering av behov for hjelpemidlar, eventuelt i samarbeid med ergoterapeut eller andre tilsette.
  • Hjelp til utfylling og grunngjeving av søknad til NAV Hjelpemiddelsentralen.
  • Tilpassing og opplæring i bruk av hjelpemiddel.


Kva kan du forvente av oss:

  • Du vert møtt på ein respektfull og imøtekommande måte.
  • Vi yter tenesta med respekt for deg og din livssituasjon.
  • Informasjon, råd, hjelp og rettleiing etter behov.
  • Vi har teieplikt - og gjev ikkje opplysningar vidare utan ditt samtykke.
  • Du møter ein fysioterapeut som er fagleg kvalifisert.
  • Vi arbeider tverrfagleg og for eit heilskapleg tilbod (ansvarsgrupper og individuell plan).


Kva forventar vi av deg:

  • Du fortel kva du ynskjer og kva som er viktig for deg.
  • Du seier ifrå kva du ikkje er nøgd med.
  • Du samarbeidar og medverkar ut kva du kan og er aktivt med og finn løysingar.


Praktiske opplysningar:

Betaling:
Det vert ikkje kravd betaling for kommunal fysioterapiteneste.

Sakshandsamingstid:
Ved tilvising av barn frå lege/helsesyster skal det ikkje gå meir enn 2 veker før undersøking/ vurdering vert føreteke.
For brukarar med korttidsopphald i institusjon vert behovet for fysioterapitiltakvurdert saman med andre tilsette ein av de fyrste dagane av opphaldet.

Klageadgang:
Dersom du ikkje er nøgd med tenesta sitt innhald, kan du oppmode fysioterapeuten om å endre innhaldet innan 4 veker.

Dersom oppmodninga ikkje vert teken til følgje, kan du klage direkte til fylkeslegen innan 3 veker. jfr. Lov om pasientrettigheter.

 
Kontaktinformasjon fysioterapi kommunal del:
Kontaktinformasjon fysioterapi kommunal del:
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Astrid Sørgård57 84 56 96astrid.sorgard@vagsoy.kommune.no
Kristine Schielderup57 84 56 97kristine.schielderup@vagsoy.kommune.no
Kontaktinformasjon fysioterapi privat del:
Kontaktinformasjon fysioterapi privat del:
NamnTelefon
Vågsøy fysioterapi og trening57 85 19 50
Vågsøy fysikalske institutt57 84 56 99
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering